Å skrive ein samfunnsfagleg tekst

Eit av kompetansemåla i læreplanen seier:

 

Elevane skal kunne

• formulere ei aktuell samfunnsfagleg problemstilling og skrive drøftande tekst ved å bruke fagomgrep, variert kjeldetilfang og kjeldetilvisingar

 

Når du skal skrive ein samfunnsfagleg tekst, skal teksten formast som ein artikkel, altså med ei innleiing, ein hovuddel og ei avslutning. Teksten skal vere sakleg. Teksten skal ha ei eller fleire problemstillingar, og han skal vere drøftande. Å drøfte vil seie å sjå ei sak frå fleire sider.

 

Før du begynner å skrive, må du setje deg grundig inn i temaet og du må finne svar på problemstillinga du har valt. Det er viktig at du prøver å gå i djupna i det temaet og den problemstillinga du har valt. Set deg godt inn i emnet, les mange ulike kjelder, reflekter og drøft.

 

Du kan disponere oppgåva slik:

  1. Innleiing
  2. Svar på problemstilling med drøfting
  3. Oppsummering (konklusjon)
  4. Kjeldetilvisingar

 

Problemstilling

Ei problemstilling er eit spørsmål som du skal svare på. Det er viktig å lage ei god problemstilling. Dette bør du bruke god tid på. Samarbeid gjerne med andre, og spør læraren om å sjå på problemstillinga før du begynner å arbeide ut frå ho. Det kan hende du må endre problemstillinga din ein del undervegs.

 

Her er eit døme på ei problemstilling:

  • Kva er kulturell globalisering? Drøft positive og negative sider ved kulturell globalisering.

Som du ser, består denne problemstillinga av to delar. Dei kan slåast saman til ei problemstilling, og omformulerast, til dømes slik:

I denne oppgåva skal eg forklare kva kulturell globalisering er og drøfte kva positive og negative sider kulturell globalisering har.

 

Innleiing:

I innleiinga bør du si noko kort om temaet, til dømes globalisering. Du kan definere ordet, du kan kome med eit døme på globalisering, eller liknande. Du skal også presentere problemstillinga din i innleiinga.

 

Svar på problemstillinga:

Dette er den største delen av oppgåva. Her skal du skrive det du har funne ut som svar på problemstillinga. Du skal både forklare og drøfte (kva kulturell globalisering er og drøfte kva som er positivt og negativt ved ho). Det er i denne delen du skal vise kunnskapane dine om temaet. Bruk fagomgrep og teori frå boka. Men du skal bruke kunnskapen på ein sjølvstendig måte, og vise at du kan analysere og drøfte.

 

Oppsummering:

Trekk saman momenta du har kome fram til gjennom drøftinga. Kan ein konkludere med noko? Gi eit svar? Skriv det ned.

 

Kjeldetilvisingar

Når du skriv ei fagleg oppgåve, er det viktig at den som les kan vite at det du skriv er rett; du må vise til kjelder du har brukt.

Tilvisingane skal plasserast i parentes, slik at dei viser til litteraturlista di bak. Det held med å oppgi forfattarnamn og årstal. Her er nokre døme:

  • I Noreg fekk kvinnerørsla særs stor gjennomslagskraft (Olsen 1983).
  • Olsen (1983) skriv at kvinnerørsla fekk særs stor gjennomslagskraft i Noreg.

 

Har du funne opplysningane på nettet, kan du vise til nettsida: (www.ssb.no/helse/artikler-og-publikasjoner/aids.html)

 

Siterer du direkte, bør du også oppgi sidetal, slik at sitatet kan kontrollerast: (Olsen 1983:25). Set parentesen rett etter sitatet. Hugs slik kjeldetivising også når du bruker illustrasjonar som diagram og tabellar.

 

Ein hovudregel er at alle kjelder skal oppgjevast i ei kjeldeliste til slutt i oppgåva. Her er eit døme på korleis ho kan sjå ut:

 

Kjelder

Ronnes, Paul (1978). Reorganisering av departementa. Et politisk styringsmiddel. Oslo: Gyldendal.

Strand, Torodd (1985). Utkant og sentrum i det norske styringsverket. Oslo: Universitetsforlaget.

www.stortinget/proposisjoner/utkantnorge/prep_567.html

www.wikipedia.no/sentralisering/kommunesammenslåing