Oppgaver Utforskaren

KOMPETANSEMÅL 1:

• utforske aktuelle lokale, nasjonale eller globale problem og drøfte ulike

løysingsforslag

 

Kriminalitet (kapittel 4)

Gå saman i grupper på to. Vel ein type kriminalitet (til dømes smugling, svart arbeid, ulike former for nettkriminalitet, tjuveri osv).

 

  1. Kor omfattande er denne typen kriminalitet i din kommune, i Noreg og internasjonalt? Undersøk ved å finne artiklar og statistikk, til dømes frå ssb.no.
  2. Finn fram til ulike synspunkt på kva ein bør gjere for å få denne typen kriminalitet ned, og korleis lovbrytarane bør straffast. Her kan de finne ut kva ulike politiske parti meiner, finne innlegg i aviser og nettfora om saka.
  3. Hvilke ulike tiltak kan settes inn for å løse problemet? Hvilke av disse vil dere satse på?

 

 

Politisk klassedebatt (kapittel 8)

Gå saman i grupper på ca 8. Alle på gruppa får tildelt eit politisk parti som han/ho skal representere. Partia er Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet, Venstre, Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti, Venstre, SV og Rødt. Alle set seg inn i kva deira parti meiner om sakene nedanfor. Dette arbeidet tek nok 1-2 timar.

 

Så skal gruppa gjennomføre ein politisk diskusjon om desse temaa. Det er viktig at du kjem med gode argument for ditt partis syn på saka, uavhengig av kva du sjølv meiner. Etter diskusjonen kan gruppene stemme over kven som argumenterte best for sitt syn.

 

Tema:

  • Skulepolitikk. Kva meiner partiet om karakterar i skulen, privatskular, skulemåltid, undervisning i nynorsk osv.
  • Kollektivtrafikk. Vil partiet bruke meir eller mindre pengar på kollektivtrafikk?
  • Samferdsel. Vil partiet satse på storbyområda eller distriktet, går det inn for offentleg eller privat vegutbygging, bompengar eller annan finansiering?
  • Helsepolitikk. Vil partiet ha eit stort offentleg helsevesen eller opne meir for private?

 

 

Lokaldemokratiet (kapittel 8)

Ta for deg ei aktuell sak i lokalsamfunnet (vegutbygging, sjukehussak, tilbod til ungdom, skuleutfordringar osv.)

 

  1. Kva går saka ut på?
  2. Kva ulike meiningar finst det om saka? Kven står for dei ulike meiningane? Her kan du tenkje på ulike organisasjonar, politiske parti, næringslivsgrupper, foreldre osv.
  3. Kva interesser har dei i saka, og korleis påverkar det haldninga deira?
  4. Kva løysing meiner du er best? Grunngje synspunktet ditt.

 

 

KOMPETANSEMÅL 2:

• finne og samanlikne informasjon som skildrar problemstillingar frå forskjellige synsvinklar, og vurdere føremålet og relevansen til kjeldene

 

Konflikten mellom Israel og Palestina (kapittel 15)

Konflikten mellom Palestina og Israel har dominert verdsamfunnet i mange tiår. Konflikten, der to folk kjempar om det same landområdet, strekkjer seg tilbake til tida rundt første verdskrigen.

 

  1. Kva er bakgrunnen for konflikten? Kva landområde og grenser er mest i fokus i dag?
  2. Finn ut kva dei to partane meiner om konflikten og korleis han kan løysast.
  3. Kva kan du seie om kjeldene du har brukt i denne oppgåva? Er dei subjektive eller objektive? Kven har skrive kjeldene? Har forfattarane eigne interesser i konflikten? Korleis kjem dette fram i kjeldene?

 

Bakgrunnsstoff for konflikten:

http://www.globalis.no/Konflikter/Palestina

 

Også i norsk samfunnsdebatt spelar konflikten ei viktig rolle, og det finst fleire organisasjonar som støttar dei ulike partane. Her er nettstader for tre norske solidaritetsorganisasjonar:

http://palestinakomiteen.no/

http://www.palestina.no/

http://www.miff.no/

 

 

Engasjer deg! (kapittel 9)

Arbeid i grupper på to. Vel ei sak som engasjerer dykk, anten frå lista nedanfor, eller som de finn fram til sjølve.

  1. Lag ei problemstilling for temaet dykkar. Problemstillinga skal formulerast som eit spørsmål. (For eksempel: Bør 16-åringar ha stemmerett?).
  2. Finn argument som er brukt i media for og imot spørsmålet dykkar.
  3. Lag dykkar eigen konklusjon. Kva mener de? Dersom de ikkje er einige, lagar de ein konklusjon kvar.

 

  • Dødsstraff
  • Sjølvbestemt abort
  • Forbod mot tigging
  • Stemmerett for 16-åringar
  • Oljeboring i Lofoten og Vesterålen

 

 

Ja eller nei til EU? (kapittel 14)

Arbeid i grupper på to. Ein av dykk skal finne ut kva argument EU-tilhengjarar bruker for at Noreg skal melde seg inn i EU, og den andre finn argument mot. Bruk nettsidene til Europabevegelsen http://www.europabevegelsen.no/ og Nei til EU http://neitileu.no/.  

 

Samanlikn argumenta de har funne. Er det argument som motseier kvarandre? Kva kan eventuelt grunnen vere til det? Gi ei vurdering av argumentasjonen til dei to sidene. Synest de dei argumenterer godt? Kvifor/kvifor ikkje? Kva side argumenterer best for saka si?

 

 

KOMPETANSEMÅL 3:

• bruke samanfallande og motstridande informasjon frå statistikk til å drøfte ei samfunnsfaglig problemstilling

 

Politiske meiningsmålingar (kapittel 8)

På nettstaden nedanfor kan du studere oppdaterte meiningsmålingar som viser oppslutninga til dei politiske partia nett no. Desse partibarometera er spørjeundersøkingar som blir gjennomførte ca ein gong i månaden av aviser, nrk, tv2 og andre. På nettstaden kan du finne fleire målingar, frå ulike byrå.

 

http://politisk.tv2.no/spesial/partibarometeret/

 

Studer 3 av desse meiningsmålingane og samanlikn resultata. Viser meiningsmålingane det same? Er det variasjonar, og i tilfelle kor store? Kva kan årsakene vere til skilnadene?

 

Litt om meiningsmålingar:

 

Meiningsmålingar er ikkje det same som røynd, slik vi har lett for å tru. Meiningsmålingar kan samanliknast med ein temperaturmålar. Dei måler ønske og vilje, mens det faktiske biletet kan vere eit anna. Mange meiningsmålingar fortel oss til dømes kva vi vel ved politiske val, kva produkt vi føretrekkjer å kjøpe i butikkane og kva vi meiner om innvandring. Det er lett å la seg påverke til å tru at verda verkeleg er slik. Men dei aller fleste meiningsmålingar er overdrivne, i den forstand at dei som svarer på spørsmål om kva dei kjem til å gjere, ofte uttrykkjer sterkare meiningar enn handlingane deira uttrykkjer. Ein seier til dømes at ein er miljøvenleg og alltid kjeldesorterer, sjølv om ein i røynda ikkje gjer det. Vi må også hugse på at meiningsmålingar alltid er eit utval av befolkninga (f.eks. 1000 personar) – det er derfor ikkje sikkert at dette utvalet representerer heile befolkninga. Jo færre ein spør, eller jo skeivare geografisk eller sosialt, jo meir misvisande kan resultatet bli.

 

Kriminalitetsstatistikk (kapittel 4)

Statistisk sentralbyrå har samla statistikk som viser straffereaksjonar i Noreg i 2011. Les artikkelen.

http://www.ssb.no/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/straff

 

A. Bruk opplysningane du finn i statistikken og drøft følgjande påstand:

Det var færre brotsverk i Noreg i 2011 enn i åra før.

 

B. Du er journalist og skal lage eit oppslag på bakgrunn av statistikken fra SSB. Men bakgrunnen din påverkar kva du vil presentere:

 

A er oppteken av at kriminalitet er eit breiare samfunnsspørsmål og at fokus på straff og kriminalitetsauke er overdrive

B er oppteken av at politikarane gjer altfor lite for å avgrense kriminalitet

C er oppteken av narkotikakriminalitet

D er oppteken av seksualbrotsverk og anna valdskriminalitet

 

Korleis kan de bruke statistikken på ulik måte? Vurder artiklane til kvarandre, og kommenter om nokon har feiltolka eller misbrukt statistikken.

 

 

KOMPETANSEMÅL 4:

• drøfte samfunnsfaglege tema i digitale diskusjonsfora og vurdere kvaliteten på sine eigne og andres innlegg

 

 

Stemmerett for 16-åringar? (kapittel 9)

I somme kommunar har det vore forsøk med stemmerett for 16-åringar. Du kan lese om forsøket, og om kva folk meiner om det, i dette nettmagasinet frå Universitet i Bergen: http://voxpublica.no/2011/10/b%C3%B8r-16-aringer-ha-stemmerett/

 

Mange har også sagt meininga si om dette i ulike debattfora på nettet. Nedanfor finn du to slike debattar. Les nokre av debattinnlegga og svar på spørsmåla.

 

  1. Finn to døme på debattinnlegg du meiner er gode, og to du meiner er dårlege. Kva er skilnadene mellom dei?
  2. Er det nokonk forskjell på dei to debattforuma? I tilfelle korleis?

 

http://politisk.tv2.no/spesial/panelet/sporsmaal/bor-16-aringer-fa-stemme-ved-valg

Politisk.no, fra TV2.

http://vgd.no/index.php/samfunn/politikk-norsk/tema/878117/innlegg/ Vg debatt

 

 

Norsk politikk i debattfora på nett (kapittel 9)

Arbeid i grupper. Finn fram til ei politisk sak de kunne tenkje dykk å arbeide med. De finn fleire saker på debattforuma nedanfor.

http://www.nrk.no/ytring/ Nrk ytring

http://vgd.no/samfunn/ Vgs debattsider

 

  1. Studer innlegga i debatten. Finn fram til innlegg de meiner er gode og innlegg de meiner er dårlege. Diskuter kva kriterium de har for å seie at eit innlegg er godt.
  2. Lag dykkar eigen nettdebatt om ei politisk sak de vil diskutere. Inviter resten av klasse til å bidra. De kan bruke ulike verktøy til debatten, til dømes diskusjonsverktøyet på skulens læringsplattform, ei eksisterande debattside eller andre sosiale medium, som Twitter.

 

 

Likestilling i arbeidslivet (kapittel 11)

I artikkelen «Man kan si at det er like verdifullt å gå hjemme med barn som å jobbe – men det er det ikke» står barne-, likestillings- og inkluderingsminister Inga Marthe Thorkildsen (SV) mot høgrepolitikar Linda Hofstad Helleland.

«– Man kan gjerne si at det er like verdifullt å gå hjemme med barna som det er å være i arbeid – men det er det ikke. Det er bare å se på alle ordningene som er tilknyttet arbeid, og se på makten og statusen som følger med det å stå i arbeid. ... Lik det eller ikke: Valgfrihet er knyttet til økonomi, sier Thorkildsen.»

«– Det er skremmende og dramatisk at barneministeren ikke synes det er like verdifullt å passe barn som å jobbe, sier Linda Hofstad Helleland (H) …. Jeg mener Inga Marte Thorkildsen er kvinners verste fiende fordi hun tar fra oss retten og muligheten til å tørre å være hjemme med barn lengre enn dagens kvoteordning legger opp til.»

 

Link til artikkelen (Aftenposten 8. mars 2013):

http://www.aftenposten.no/nyheter/iriks/politikk/--Man-kan-si-det-er-like-verdifullt-a-ga-hjemme-med-barn-som-a-jobbe--men-det-er-det-ikke-7141641.html#.UgyF0KM4WUk

Gå saman i grupper og diskuter.

a) Kvifor er fulltidsjobb for kvinner så viktig?

b) Har likestillinga ført til at vi opplever meir stress og tidsklemme?

c) Kva ulike verdiar ligg bak syna til dei to politikarane? (Stikkord: materialisme/omsorg, kjønnsroller/ individuell fridom.)

 

Gruppa skriv eit innlegg basert på argumenta til dei to politikarane, og legg ut på skulens læringsplattform eller eit anna digitalt diskusjonsforum. Alle skal deretter skrive minst eitt tilsvar til diskusjonen.

 

 

KOMPETANSEMÅL 5:

• formulere ei aktuell samfunnsfagleg problemstilling og skrive drøftande tekst ved å bruke fagomgrep, variert kjeldetilfang og kjeldetilvisingar

 

Å skrive ei samfunnsfagleg oppgave (kapittel 6)

Tema: Diskriminering, fordommar og rasisme

I læreplanens kompetansemål under Utforskaren står det at du skal

  • formulere ei aktuell samfunnsfagleg problemstilling og skrive drøftande tekst ved å bruke fagomgrep, variert kjeldetilfang og kjeldetilvisingar

 

Dette skal du gjere ut frå dette læreplanmålet under Kulturforståing:

  • Eleven skal drøfte årsaker til at fordommar, rasisme og diskriminering oppstår, og kva tiltak som kan motverke dette

 

1) Lag ei problemstilling om temaet fordommar, rasisme og diskriminering. Ei problemstilling er eit spørsmål du skal finne svar på. Døme på problemstillingar:

  • Korleis føregår mobbing på sosiale medium?
  • Finst det rasisme i Noreg i dag? Korleis viser den seg?
  • Er det nokre grupper som har vanskelegare for å få seg arbeid i Noreg enn andre?

 

  1. Du skal også drøfte i oppgåva di, og du må ha ei problemstilling som seier at du skal drøfte eller diskutere noko. Her er eit døme:
  • Drøft kva ein kan gjere for å få slutt på diskriminering i arbeidslivet.

 

  1. Når du har laga problemstillingar, må du finne fram til kjelder og bruke kunnskapen du finn der til å svare på problemstillingane dine. Oppgåva di skal formast som ein artikkel. Les her om korleis du skriv ei samfunnsfagleg oppgåve.

 

Å skrive ei samfunnsfagleg oppgåve (kapittel 10)

Tema: Velferdsstaten

I læreplanens kompetansemål under Utforskaren står det at du skal

  • formulere ei aktuell samfunnsfagleg problemstilling og skrive drøftande tekst ved å bruke fagomgrep, variert kjeldetilfang og kjeldetilvisingar

 

Dette skal du gjere ut frå dette læreplanmålet under Politikk og demokrati:

  • Eleven skal kunne diskutere hovudprinsippa for den norske velferdsstaten og dei utfordringane han står overfor

 

Her er forslag til problemstilling. Du kan bruke den, eller lage di eiga. Hugs at problemstillinga skal innehalde eit drøftingsspørsmål:

  • Forklar kva velferdsstaten er. Kom med døme på korleis din familie nyt godt av velferdsstaten. Diskuter utfordringar for velferdsstaten.

 

Oppgåva di skal formast som ein artikkel. Les her om korleis du skriv ei samfunnsfagleg oppgåve.