Å lese tabellar og grafiske framstillingar

KORLEIS KAN DU LESE EIN TABELL?

Det kan verke uoversiktleg og vanskeleg å skulle lese ein tabell med mange tal. Trikset er å ta seg god nok tid, og gradvis å skaffe seg ei oversikt over kva tabellen faktisk viser. Dersom vi tek for oss tabellen «Gjerningspersonar, etter verdsregion, kjønn og alder», gir tittelen ein viss informasjon om kva vi finn i sjølve tabellen. Vidare må vi skaffe oss ei oversikt over einingar og variablar.

Tabell Gjerningspersoner etter verdensregion, kjønn og alder.

Rammene i tabellen

Vi finn einingane, dei som er undersøkte, vassrett i den øvste ramma i tabellen. Einingane her er plasserte i seks forskjellege kategoriar: Nordmenn, folk frå Norden, folk frå Vest-Europa, folk frå Aust-Europa, folk frå Nord-Amerika og til slutt folk frå Asia, Afrika og Sør- og Mellom-Amerika med Tyrkia, altså den tredje verda. I tillegg til desse seks kategoriane har vi kolonnen «I alt» for alle einingane, og kolonnen «I alt» for alle innvandrarar. Variablane kjønn og alder finn vi i dei loddrette radene. Først har vi «Begge kjønn i alt», dvs. befolkninga totalt. Deretter kjem oppdelinga i menn og kvinner. Alle desse er igjen delt opp i aldersgrupper, slik at ein kan sjå skilnad på unge og gamle osv. Når vi har forstått rammene i tabellen, kan vi begynne å lese kva han inneheld.

 

Vassrett eller loddrett lesning?

Dersom vi vil samanlikne dei ulike regionane, les vi tabellen vassrett. Vi kan til dømes ta menn mellom 21 og 24 år. Då ser vi at det er flest gjerningspersonar frå Asia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika og Tyrkia (104 per 1000 innbyggjarar), færrast frå Nord-Amerika  (9,3 per 1000 innbyggjarar), mens 65,4 gjerningspersonar per 1000 innbyggjarar er nordmenn.

Når vi les tabellen loddrett, får vi skilnadene på kjønn og aldersgrupper innanfor ein region. I Norden er til dømes menn mellom 18 og 20 år oftast gjerningspersonar (62,7 per 1000 innbyggjarar), mens det blant kvinner på same alder er 6,3 gjerningspersonar per 1000 innbyggjarar.

Generelt er det færre gjerningspersonar frå Norden og Nord-Amerika enn frå Noreg. Innvandrarar frå desse regionane er med andre ord ikkje meir kriminelle enn nordmenn. Av dei ulike verdsregionane er det Aust-Europa og den tredje verda som har flest gjerningspersonar per 1000 innbyggjarar. Begge desse regionane har over 100 kriminelle per 1000 innbyggjarar i alderen 18-20 år, mens det i alle dei andre verdsregionane og i Noreg er under 100 kriminelle per 1000 innbyggjarar.

Det ser ut til at menn mellom 18 og 29 år oftast er gjerningspersonar, uansett verdsregion. Vi seier at det er samvariasjon mellom kjønn, alder og lovbrot i ei befolkning. Samanliknar vi menn og kvinner, er kvinnene gjerningspersonar berre i ein brøkdel av tilfella samanlikna med mennene. Det er 28,4 mannlege gjerningspersonar i alt per 1000 innbyggjarar, mens det er 5,4 kvinnelege gjerningspersonar i alt per 1000 innbyggjarar, altså meir enn fem gonger så mange menn.

 

Tendensar

Vi samanliknar altså tala i radene og kolonnane og ser om vi finn nokre tendensar som peikar i ei bestemt retning. Deretter lagar vi ei oppsummering av det vi kjem fram til. Dersom spørsmålet vårt er om innvandrarar oftare er gjerningspersonar enn nordmenn, blir svaret: Nei, ikkje innvandrarar frå Norden, Vest- Europa, Nord-Amerika . Men nordmenn er ikkje like ofte gjerningspersonar som austeuropearar eller innvandrarar frå den tredje verda. Det er òg samvariasjon mellom kvinnelege og mannlege gjerningspersonar etter kjønn, alder og verdsregion. Det betyr at òg dei austeuropeiske kvinnene eller kvinner frå den tredje verda oftare er gjerningspersonar samanlikna med kvinner frå dei andre verdsregionane.

 

ULIKE GRAFISKE FRAMSTILLINGAR

Det kan òg lagast ulike grafiske framstillingar, slik at vi kan se tendensar og fordelingar tydelegare enn i tabellen. Det kan gjerast i eit kakediagram, der vi ser fordelinga av alle gjerningspersonar klart. Men eit kakediagram kan ikkje vise meir enn éin variabel per eining. Vi kan til dømes presentere verdsregionane og gjerningspersonar i alt i kakediagrammet, men dersom vi vil ha med fleire kategoriar, må vi lage eit nytt diagram per kategori.

 Kakediagram

Kakediagram

Eit kakediagram er praktisk dersom vi skal vise fordelinga av ein heilskap. Eit valresultat kan visast i eit kakediagram. Då kjem kvart parti fram med kor mange prosent av veljarane som stemte på partiet. Her viser diagrammet fordelinga av alle gjerningspersonane per 1000 innbyggjarar, fordelt etter kor dei kjem frå.

 

Stolpediagram

Eit stolpediagram er ein annan framstillingsmåte. Det er hensiktsmessig når vi skal presentere data som skal samanliknast, til dømes kriminalitet blant innvandrarar og blant nordmenn i år 2000 og i 2005. Vi kan òg velje å presentere talet på mannlege og kvinnelege gjerningspersonar etter verdsregion ved sida av kvarandre, slik som her.

Eit stolpediagram kan ikkje presentere mange ulike variablar samtidig; det er til dømes ikkje mogleg å presentere alderskategoriar samtidig med kjønn. Og dersom vi skal vise alderskategoriar i staden for kjønn, blir kvar stolpe delt i 8, noko som ikkje er oversiktleg. Eit alternativ kan vere å lage eitt stolpediagram per verdsregion, etter kjønn og alder, men då får vi ikkje alle data presentert samtidig. 

Stolpediagram

Nordmenn er oftare gjerningspersonar enn innvandrarar frå Norden. Graf

Dersom vi vil vise utvikling over tid, kan vi òg bruke ein graf, der den eine ramma er ei tidslinje. Vi kan i tillegg få med alle alderskategoriane og presentere kvar region etter talet på gjerningspersonar, slik som her. I ein grafisk presentasjon kan vi òg setje opp fleire grupper av einingar, til dømes slik at kvinner får éin graf og menn ein annan, i éi og same framstilling. Det som set grenser, er omsynet til at grafen skal vere oversiktleg. Derfor er det ikkje lurt å ta med alle variablane på éin gong, då blir det for mange kurver i grafen, og han blir uoversiktleg.

Kurvediagram

Her kjem det tydeleg fram at talet på gjerningspersonar per 1000 innbyggjarar er lågast ved låg eller høg alder. Vi ser òg at det er flest gjerningspersonar per 1000 innbyggjarar frå den tredje verda, og at det er færrast gjerningspersonar blant innvandrarar frå Nord-Amerika .

 

Histogram

Eit histogram eignar seg godt til å samanlikne to kategoriar, til dømes fordelinga av kvinnelege og mannlege gjerningspersonar etter alder, som i dømet under. Vi kan òg samanlikne to land i eitt og same histogram.

Histogram

Kvinnene representerer bare en brøkdel av alle kriminelle. Hvorfor er det slik, tror du?