Om utforskaren - til eleven

 

Om Utforskaren – til eleven

Utforskaren skal lære deg meir om faget samfunnsfag. Korleis arbeider ein samfunnsvitar? Kva er viktig for å tenkje kritisk og sjølvstendig om samfunnet? Korleis kan eg hente informasjon ut av tabellar? Kva er ei god samfunnsfagleg oppgåve? Korleis kan eg vere kritisk til informasjon eg finn i bøker eller på nett?

 

På nettsidene finn du det du treng for å arbeide med Utforskaren. I oppgåvene skal du arbeide med eit tema frå kapitlet, til dømes kriminalitet, men du skal òg tenkje kritisk kring statistikk, drøfte ei problemstilling eller diskutere i nettforum. Du finn òg informasjon om statistikk og om korleis du skal skrive samfunnsfaglege oppgåver. Lykke til!

 

Utforskaren er ein del av læreplanen for samfunnsfag. Han har fem kompetansemål:

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:

• formulere ei aktuell samfunnsfagleg problemstilling og skrive ein drøftande tekst ved å bruke fagomgrep, variert kjeldetilfang og kjeldetilvisingar

• utforske aktuelle lokale, nasjonale eller globale problem og drøfte ulike løysingsforslag

• finne og samanlikne informasjon som beskriv problemstillingar frå ulike synsvinklar, og vurdere formålet og relevansen til kjeldene

• bruke samanfallande og motstridande informasjon frå statistikk til å drøfte ei samfunnsfaglege problemstilling

• drøfte samfunnsfaglege tema i digitale diskusjonsfora og vurdere kvaliteten på eigne og andre sine innlegg