Å kunne bruke digitale verktøy

Å kunne bruke digitale verktøy er ein del av dei grunnleggjande ferdigheitene. Å bruke ein pc som søkjeverktøy og som skrivemaskin begynner å bli ei kvardagsleg ferdigheit, men det finst mange hjelpemiddel og verktøy som er tilgjengelege på Internett, gratis og oftast utan store krav til førehandskunnskapar.

Her har vi prøvd å finne fram til ein del slike nyttige verktøy. Vi har teke utgangspunkt i at dei skal vere gratis, og at dei reint konkret skal kunne brukast i samfunnsfagundervisninga, men dei kan også brukast i andre fag. Vidare har vi lagt vekt på at tenesta ikkje sender ut søppelpost, og at adressa ikkje blir seld vidare.

Nokre tips før ein går i gang

Dei aller fleste web-verktøy krev at ein registrerer seg som brukar av nettstaden. Eit tips er å lage seg eit fast brukarnamn og passord til bruk på alle slike sider. På den måten slepp ein å måtte handtere mange ulike kombinasjonar. Yahoo, Gmail og Hotmail er alle veletablerte nettbaserte e-posttenester, og det kan vere greitt å ha ein eigen konto hovudsakleg til ulike nettkonti. Da slepp ein å få alle stadfestingsmailar til den e-postadressa ein bruker dagleg.

Nettbaserte kontorverktøy

Googles Docs/Dokumenter er etter kvart blitt veletablert. Det er ei teneste som følgjer med ein Google-konto, som igjen gir brukaren både biletlagring, blogg, kalender, nyheitslesar og altså dokument. Den store fordelen med Google Docs er at dokumenta kan delast mellom brukarar, og dermed kan fleire brukarar redigere og bruke dokumentet. Det gir ei elegant løysing på problemet som oppstår når ei gruppe skal presentere, men den som har lysbiletframvisinga eller dokumentet, er blitt sjuk, og dermed står gruppa der utan materialet sitt - fint for både lærarar og elevar! Det kan vere greitt å vite at endringar i dokumentet skjer i reell tid, og ein kan derfor oppleve at heile avsnitt blir borte framfor auga på ein fordi ein annan med tilgjenge til dokumentet nettopp har sletta det avsnittet. Men med Google-konto følgjer ei e-postadresse og med den ei chatte-teneste, og den innlysande løysinga er da å ha eit chatte-vindauge ope mens ein redigerer. Og sjølvsagt bør ein alltid leggje endringar, særleg utstrykingar, i eit eige dokument slik at dei ikkje er tapte for alltid.

Google Docs tilbyr i dag tekstbehandlar (Word), rekneark (Excel), og lysbiletframvisingar (PowerPoint, Impress). Alle dokumenta kan kjørast direkte frå ein nettlesar, og det er ikkje nødvendig med nedlastingar, jamvel om Google Docs faktisk også tilbyr eit nedlastbart program som lèt ein arbeide med dokumenta sine i fråkopla modus.

For dei spesielt interesserte kan det vere greitt å vite at tekstbehandlaren til Google Docs kan eksporterast til pdf, html, doc, odt, rtf og txt mfl. Reknearka kan eksporterast til pdf, odt, txt, html og xls mfl, og lysbiletframvisingane kan eksporterast til ppt, pdf og txt. For brukarar av Open Office er det verdt å merkje seg at Google Docs på det noverande tidspunktet verken eksporterer til eller kan laste opp odp-format.

SlideRocket er ei teneste for lysbiletframvisingar, og den store fordelen er at ein kan lage elegante lysbiletshow. Her må ein også registrere seg og velje «program» - hugs å velje gratisversjonen!

Tidslinjeverktøy

Tidslinjer er nyttige fordi dei gir oversikt over større periodar, men dei er aller mest nyttige når elevane lagar dei sjølve. Dipity.com er ei gratis teneste som lèt elevane gjere nettopp det, men krev at elevane registrerer seg med eit brukarnamn og eit passord. Dipity er ei pen og delikat løysing som lèt elevane leggje inn bilete, tekst (skrive oppgåva på Dipity og sende læraren ei lenkje?) og videosekvensar. Her er det lett å lage gode samansette tekstar! Her er ei lenkje som fortel litt om korleis ein bruker Dipity.

Teikneseriar og animasjonar

Her kan vi anbefale GoAnimate , ei nettside der ein kan lage små animasjonsfilmar. På StripGenerator og ToonDoo kan elevane lage teikneseriar. Det kan vere bra når dei skal arbeide med empati eller sosiale forhold, eller når dei skal illustrere vanlege prosjektoppgåver. Mange elevar er kreative og finn uventa løysingar, og her kan dei få utløp for sine skapande evner. Eigenproduserte animasjonsfilmar og teikneseriar som er relevante, kan vere med på å forsterke poenga i teksten.

Veggavis – Glogster

Glogster er ei teneste som gir den gode gamle veggavisa nytt liv. På glogster.com/edu kan du som lærar registrere deg med ein såkalla master-konto, og da kan du få brukarnamn og passord til opp til 200 elevar. Fordelen er at når elevane gløymer passordet sitt, har læraren det! Om dette ikkje er ønskjeleg, kan elevane også sende ei lenkje. Når elevane så lagar ein glogster, får læraren automatisk tilgjenge til denne glogsteren og kan gi han karakter direkte på sida.

Kva kan elevane gjere med glogster? Dei kan skrive, setje inn bilete, animasjonar (som dei sjølve har laga på GoAnimate?), og dei kan lenkje til andre «gloggar». Sida er lett å bruke, men for å kunne bruke norske bokstavar må ein bruke fonten Arial. Slike sider er ypparlege når ein skal lage oversikter over litt større emne, for eksempel læreplanmålet «bruke digitale verktøy til å finne døme på ulike typar konfliktar i verda og presentere ein aktuell internasjonal konflikt og forslag til å løyse konflikten».

Tankekart

Bubbl.us tilbyr gratis tankekart, som er enkle i bruk og blir fine. Kvart tankekart får si eiga lenkje og høver derfor også godt til deling. For å kunne lagre tankekarta må ein registrere seg med brukarnamn og passord.

Å lage lysbiletepresentasjonar

Innføring i Powerpoint på forskjellige plattformer, med videoar.