Arbeidet på Stortinget

I dag blir alle saker, også lovsaker, tekne opp i plenum i Stortinget. Til vanleg må minimum halvparten av representantane vere til stades ved voteringa. I grunnlovssaker er kravet to tredelar. Tidlegare delte Stortinget seg i to - i Odelstinget og Lagtinget - når det skulle vedta ei lov, men 1. oktober 2009 blei denne ordninga avskaffa. For å hindre formelle feil ved vedtaket blir lovforslag behandla to gonger i Stortinget med minst tre dagar mellom kvar gong.

Stortingsrepresentantane er medlemmer av komitear. Ein komité har ansvar for eit særskilt samfunnsområde, for eksempel har utanrikskomiteen ansvar for utanrikspolitikken, justiskomiteen har ansvar for lov og rett og så vidare. I komiteane er partia representerte etter kor mange representantar dei har på Stortinget. Dei partia med flest representantar på Stortinget, får også flest representantar i komiteane. Små parti får ikkje medlemmer i alle komiteane. I komiteane blir stortingsrepresentantane spesialistar på ulike område. Det er så mange saker som skal avgjerast i Stortinget at ikkje alle kan setje seg like godt inn i alle sakene. Komiteane førebur saker som skal opp i Stortinget. Dei fleste av sakene som blir tekne opp, kjem som lovforslag frå regjeringa. Slike forslag kallar vi proposisjonar .

I tillegg til å vere medlemmer av ein komité, er stortingsrepresentantane også med i partigruppa for sitt politiske parti. Der blir alle saker som skal opp i Stortinget, diskuterte.

På Stortinget.no kan du lese meir om arbeidet i Stortinget .

Regjeringstypar

Det er fleirtalet i Stortinget som avgjer kva regjering vi skal ha. Vi kan ha ulike typar regjeringar. Regjeringa kan vere eifleirtalsregjering. Da har ho eit fleirtal, altså over 50 %, av representantane på Stortinget bak seg. Ei mindretalsregjering har ikkje eit fleirtal bak seg. Ei slik regjering må få støtte for sine saker frå andre parti som ikkje er med i regjeringa. Ei regjering kan vere samansett av eitt eller fleire parti. Ei eittpartiregjering er sett saman av medlemmer frå eitt politisk parti, mens ei fleirpartiregjering har medlemmer frå fleire parti. Ei fleirpartiregjering kallar vi også ei koalisasjonsregjering fordi det er fleire parti som samarbeider. Dei partia som går saman i regjering, blir da samde om kva dei meiner i ulike saker, og lagar ei regjeringsfråsegn. Ei fleirpartiregjering kan vere ei fleirtals- eller ei mindretalsregjering.

Ei eittpartiregjering som samtidig er ei fleirtalsregjering, vil ha størst sjanse for å få gjennomslag for sine saker. Ei mindretalsregjering som samtidig er ei fleirpartiregjering, vil vere den regjeringstypen som vil ha størst problem med å styre. Årsaka til dette er at dei har eit fleirtal av representantane på Stortinget mot seg, samtidig som dei ulike partia i regjeringa må gi avkall på nokre av sakene i sitt parti for å bli samde med dei andre partia dei sit i regjering saman med.

Regjeringa kan komme i den situasjonen at dei ikkje meiner det er riktig å rette seg etter krava som blir stilte frå eit fleirtal i Stortinget. Da kan regjeringa stille kabinettspørsmål. Regjeringa seier da at ho vil gå av dersom ho ikkje får gjennomslag for ei bestemt sak. Dette er eit maktmiddel for regjeringa. Dersom Stortinget ikkje vil ha ei anna regjering, eller det ikkje er mogleg å skape ei anna regjering ut frå samansetjinga i Stortinget, må stortingsrepresentantane stemme for regjeringsforslaget og la henne sitje.

Kabinettspørsmål har vore den vanlegaste årsaka til at regjeringar har gått av i Noreg, ved sida av valnederlag. Statsminister Kåre Willoch frå Høgre stilte kabinettspørsmål to gonger. Første gongen i 1985, da regjeringa ville innføre Lotto. Da fekk Willoch fleirtalet i Stortinget med seg, og blei sitjande som statsminister. Neste gong Willoch stilte kabinettspørsmål, var i 1986. Regjeringa foreslo da å auke bensinavgifta. Fleirtalet i Stortinget stemte mot forslaget, og Willoch og regjeringa hans måtte gå av.

Valordning

Noreg er delt opp i valkrinsar . Ved stortingsval er det 19 valkrinsar, ein for kvart fylke. Vi vel 169 representantar til Stortinget. Kvart fylke har eit visst tal plassar på Stortinget. Kor mange representantar kvart fylke har, blir mellom anna avgjort av talet på innbyggjarar i fylket og av avstanden til Oslo. Årsaka til dette er at ein meiner det er viktig å sikre folk i distrikta, slik at ikkje sentrale strøk av landet med fleire innbyggjarar får for mykje makt. Det trengst rett og slett ikkje så mange stemmer for å få ein representant inn frå Troms som frå Oslo. Kvar stortingsrepresentant frå Oslo har altså fleire stemmer bak seg enn ein representant frå Troms. Hørest det rettferdig ut? Tanken er at folk frå Oslo og områda rundt har kortare veg til Stortinget enn folk frå Troms har. Di lenger vekk frå Stortinget, di færre stemmer bak kvar representant.

 

#IIIT-2 Talet på stemmer bak kvar representant i utvalde fylke

 

Kva parti som blir representerte på Stortinget, blir avgjort ved det talet på stemmer dei har fått ved valet. Dette kallar vi forholdstalsval. Enkelt forklart vil det seie at di større eit parti er, di fleire representantar skal det få på Stortinget. Utrekningssystemet for kor mange representantar kvart parti får i forhold til talet på stemmer, er komplisert. Dette utrekningssystemet favoriserer dei største partia. Det er viktig for å sikre eit stabilt styre av landet. Dersom det er mange små parti med få representantar på Stortinget, vil det vere vanskeleg å skape ei regjering som har støtte frå eit fleirtal.

Av dei 169 stortingsrepresentantane vel ein 150 av desse direkte frå fylka. I tillegg er det 19 utjamningsmandat. Desse utjamningsmandata skal gjere det lettare for små parti å få representantar inn på Stortinget. Når ein reknar ut kva parti som skal få utjamningsmandat, ser ein på landet samla, og ikkje på kvart einskilt fylke. For å få eit utjamningsmandat må partiet ha fått meir enn 4 % av stemmene på landsbasis. Vi har altså ei sperregrense på 4 % i Noreg. Det vil seie at ein ikkje får utjamningsmandat dersom partiet har under 4 % oppslutning på landsbasis. Men sjølv om eit parti ikkje når opp til sperregrensa på landsbasis, kan det få representantar inn på Stortinget. Partiet kan ha fått stor oppslutning i eitt fylke, og dermed komme inn blant dei 150 representantane som blir valde frå fylka, sjølv om partiet ikkje har fått stemmer i dei andre fylka.

Ved fylkestingsval er valkrinsen fylket, og ved kommuneval er valkrinsen kommunen. Kor mange representantar som skal veljast til fylkestinget og til kommunestyret, varierer frå fylke til fylke og frå kommune til kommune. Det er talet på innbyggjarar i fylket og i kommunen som avgjer dette. Valsystemet i fylka og i kommunane er også forholdstalsval. Partia får altså representantar i fylkestinget og i kommunestyret etter kor mange stemmer dei får ved vala.

Det er val til Sametinget kvart fjerde år, samtidig med stortingsvalet. Ved sametingsval er landet delt inn i 13 valkrinsar. Det blir valt 43 mandat til Sametinget. Det er tre representantar frå kvar av krinsane, og så er det fire utjamningsmandat. Partia får også her representantar etter kor mange stemmer dei har fått ved valet, det er altså eit forholdstalsval. Sametinget vel ein sametingspresident som leier møta i Sametinget

Desse oppgåvene kan eigne seg for elevane:
  • Kvifor har vi utjamningsmandat ved Stortingsvalget? Forklar kvifor vi har ei sperregrense på 4 % for parti for å få utjamningsmandat på Stortinget. Er det riktig å ha ei slik sperregrense?
  • Forklar kva figuren Talet på stemmer bak kvar representant på Stortinget viser, og kva som er årsakene til dette.

Maslows behovspyramide

maslowsbehovpyramide

Ein kjend psykolog, Abraham H. Maslow, meinte at dei grunnleggjande behova måtte vere dekte før ein i det heile kunne tenkje på andre typar behov. Dersom vi er opptekne av korleis andre oppfattar oss eller korleis vi kan leve eit godt liv, så meinte Maslow at det er behov vi kan "tillate" oss fordi andre enda viktigare behov allereie er dekte. Behovet for status, det å bli godteken av andre, er behov vi menneska har. Kjenner vi oss aksepterte, er det lettare å tenkje seg kva vi vil med livet vårt, realisere seg sjølv. Da kan vi setje opp ønske og mål for kva vil og også klare å tenkje på korleis vi skal nå dei måla vi har sett oss.