Arbeidsopplegg for elektrofag

Under finn du arbeidsopplegg og oppgåver som er tilpassa utdanningsprogram for elektrofag. Opplegga baserer seg på bruk av Internett. Du finn forslag til tema som høver godt for tilpassing til dei ulike utdanningsprogramma, og oppgåver innanfor nokre av desse temaa.

Tema der ein kan rette arbeidet spesielt inn mot programområdet:

Kapitla 11 og 12, om studie- og yrkesval, om arbeidslivet og organisasjonane der, og om bedriftsetablering.

Fagforeiningsarbeid

Nedanfor finn du lenkjer til fagforeiningar som kan vere aktuelle for deg i framtida.

Vel ei av foreiningane og lag ein presentasjon av henne. Du bør kome inn på kva saker fagforeininga er oppteken av og gjere greie for desse, korleis foreiningane er organiserte og kva fordelar du har av å vere medlem i fagforeininga.

Nettstader

www.lo.no Nettsidene til LO - Landsorganisasjonen i Norge

www.fellesforbundet.no Nettsidene til Fellesforbundet

www.ys.no Nettsidene til YS - Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund

www.nito.no Nettsidene til Norsk ingeniør- og teknologiorganisasjon

www.itforbundet.org

Nettsidene til It-forbundet

www.elektroarbeidernes-fagforening.org Nettsidene til Elektroarbeidernes fagforening

www.heis.no Nettsidene til Heismontørenes fagforening

www.elogit.no Nettsidene til El og It-forbundet

Jobben min i framtida?

Veit du kva du skal bli når du blir stor? Dette prosjektet går ut på å finne ut mest mogleg om eit yrke du kunne tenkje deg. Vel deg eit yrke, og svar på problemstillingane under.

  1. Korleis kan du utdanne deg til dette yrket?
  2. Kva går arbeidet ut på?
  3. Korleis er lønnsforholda i yrket?
  4. Kva kan du finne ut om det fysiske arbeidsmiljøet på arbeidsplassar i dette yrket?
  5. Kva for fagforeining/ar finst for dette yrket? Kva mål arbeider fagforeininga/ne for?
  6. Korleis er arbeidsmarknaden i dette yrket? Er mange arbeidslause?

Nettstader

www.mesterbrev.no Nettstaden mesterbrev.no har informasjon om dei ulike meisterfaga, om sveine- og meisterprøver, og om arbeidet i dei ulike fagområda

www.ssb.no Statistikk om arbeidsliv, yrkesdeltaking og lønn frå Statistisk Sentralbyrå

www.aetat.no Statistikk over arbeidslause, sjå ulike yrke (pdf)

www.fellesforbundet.no Fellesforbundets nettsider

www.ys.no Nettsidene til YS - Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund

www.nito.no Nettsidene til Norsk ingeniør- og teknologiorganisasjon

www.itforbundet.org Nettsidene til IT-forbundet

www.elektroarbeidernes-fagforening.org Nettsidene til Elektroarbeidernes fagforening

www.heis.no Nettsidene til fagforeiningane for Heismontørane

www.elogit.no Nettsidene til El- og IT-forbundet

www.nelfo.no Nettsidene til NELFO

Energi og miljø

I dette prosjektet skal du arbeide med energi og miljø. Du kan lage problemstillingar sjølv, eller velje ein eller fleire av problemstillingane her.

Moglege problemstillingar:

  1. Kva for energiformer er mest miljøvennlege? Her må du gjere greie for kva dei ulike energiformene går ut på og kvifor dei er miljøvennlege.
  2. Kva fordelar og ulemper er det ved dei miljøvennlege energiformene?
  3. Kva kan gjerast for å gjere dei tradisjonelle energiformene meir miljøvennlege?
  4. Kva må gjerast for at vi skal bruke meir miljøvennleg energi?

Nettstader

www.naturvern.no Naturvernforbundets sider om energi og klima

www.solenergi.no Nettsidene til Norsk solenergiforening

www.nobio.no Nettsidene til Norsk bioenergiforening

www.bellona.no Nettsidene til Bellona om energi

Prosjekt: Energi i EU

Målet med prosjektet er å finne ut mest mogleg om EUs energipolitikk, om korleis dette påverkar Noreg og om EØS-avtalen og energi. Bruk nettstadene nedanfor og lag ein presentasjon av energipolitikken i EU og EØS og korleis dette påverkar norsk energipolitikk.

Moglege problemstillingar:

  1. Kva går EUs energipolitikk ut på?
  2. Korleis påverkar EUs energipolitikk Noreg?
  3. Kva seier EØS-avtalen om energi?
  4. Korleis påverkar innhaldet i EØS-avtalen Noregs energipolitikk?
  5. Kva går Noregs energipolitikk ut på?

Nettstader

www.tu.no Artikkel frå Teknisk ukeblad om EU og energi

www.regjeringen.no Artikkel om EØS-avtalen og energi frå nettsidene til Olje- og energidepartementet

www.regjeringen.no Om EUs energipolitikk frå nettsidene til Olje- og energidepartementet

www.regjeringen.no Nettside om Noreg, EU og EØS og energi.

Her finn du også lenkjer

Nytt om elektrofag

Under finn du lenkjer til nettstader som tek for seg aktuelle saker om elektrofag. Vel ei aktuell sak og hald eit miniforedrag om henne for klassen.

Nettstader

www.tu.no Teknisk ukeblad

www.teknologisk.no Teknologisk institutt

Energi - statistikk

Under finn du ei lenkje til nettsidene om energi hos Statistisk Sentralbyrå.

I denne oppgåva skal du bruke statistikk og finne fram til opplysningar om energi ut frå tabellar. Du skal lage ein presentasjon av eit tema innanfor energi. Du kan lage eit foredrag, ein rapport, skrive ein artikkel eller lage ein digital presentasjon. Du kan velje tema innanfor dei moglegheitene som statistikken gir. Klikk deg fram til tabellane i margen til høgre.

Nettstad

www.ssb.no/energi Temaside om energi frå nettstaden til Statistisk sentralbyrå

Klimaendringar

  • Kva konsekvensar kan klimaendringar få for deg i framtida?
  • Kva konsekvensar kan klimaendringar få for det du tenkjer deg å arbeide med i framtida?

Nettstad:

Temaside om klima frå forskning.no . Her finn du oppdaterte artiklar om klimaforsking

 

Kommenterte lenkjer

Yrkesfagutdanning

www.mesterbrev.no

Nettstedet mesterbrev.no har informasjon om dei ulike meisterfaga, om svenne- og meisterprøver, og om arbeidet i dei ulike fagområda

Fagorganisasjonar

www.lo.no Nettsidene til LO - Landsorganisasjonen i Noreg

www.loungdom.no Nettsidene til LO Ungdom

www.nho.no Nettsidene til Næringslivets Hovudorganisasjon-NHO

www.fellesforbundet.no Nettsidene til Fellesforbundet

www.ys.no Nettsidene til YS-Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund

www.nito.no Nettsidene til Norsk ingeniør- og teknologiorganisasjon

www.itforbundet.org It-forbundets nettsider

www.elektroarbeidernes-fagforening.org Nettsidene til Elektroarbeidernes fagforening

www.heis.no Heismontørenes fagforenings nettsider

www.elogit.no El og It-forbundets nettsider

www.nelfo.no NELFOs nettsider

Elektrofaglege nettstader

www.tu.no Teknisk ukeblad

www.teknologisk.no Teknologisk institutt