Arbeidsopplegg for idrettsfag

Under finn du arbeidsopplegg og oppgåver som er tilpassa utdanningsprogram for idrettsfag. Opplegga baserer seg på bruk av Internett. Du finn forslag til tema som høver godt for tilpassing til dei ulike utdanningsprogramma, og oppgåver innanfor nokre av desse temaa.

Tema der ein kan rette arbeidet spesielt inn mot programområdet:

Kapitla 11 og 12, om studie- og yrkesval, om arbeidslivet og organisasjonane der, og om bedriftsetablering.

I tillegg kan idrett og etikk vere eit aktuelt tema for samfunnsbegrepet, og spesielt i tilknytning til normer i kapittel 1.

Nettoppgåve: Organisasjonane i arbeidslivet

Under finn du lenkjer til organisasjonar som kan vere aktuelle for deg i framtida.

Vel ein av organisasjonane og lag ein presentasjon av han. Du bør komme inn på kva saker organisasjonen er oppteken av, og gjere greie for dei, og du bør seie noko om kven som er medlemmer, og kva fordelar du har av å vere medlem.

Nettstader:

www.niso.no Nettsidene til Norske Idrettsutøveres Sentralorganisasjon.

www.idrett.no Nettsidene til Norges idrettsforbund

Nettoppgåve: Jobben min i framtida?

Veit du kva du skal bli når du blir stor? Dette prosjektet går ut på å finne ut mest mogleg om eit yrke du kunne tenkje deg. Vel deg ut eit yrke, og svar på problemstillingane under.

  1. Korleis kan du utdanne deg til dette yrket?
  2. Kva går arbeidet ut på?
  3. Korleis er lønnsforholda i yrket?
  4. Kva kan du finne ut om det fysiske arbeidsmiljøet på arbeidsplassar i dette yrket?
  5. Kva for fagforeining/ar finst for dette yrket? Kva mål arbeider fagforeininga/ne for?
  6. Korleis er arbeidsmarknaden i dette yrket? Er mange arbeidslause?

Nettstader:

www.idrett.no Nettstaden til Norges idrettsforbund

http://www.idrett.no/saerforbund/Sider/default.aspx Lenkjer til særforbunda i Norges idrettsforbund

www.niso.no Sentralorganisasjon for norske idrettsutøvarar

http://www.idrett.no/tema/funksjonshemmede/Sider/Funksjonshemmede.aspx Om idrett for funksjonshemma personar i Noreg frå nettstaden til Norges Idrettsforbund

http://www.ssb.no/emner/06/ Statistikk om arbeidsliv, yrkesdeltaking og lønn frå Statistisk sentralbyrå

Kommenterte lenkjer

www.regjeringen.no Nettsidene til Kultur- og kyrkjedepartementet

www.antidoping.no Nettstaden for Antidoping Noreg

odin.dep.no/hod Nettsidene til Helsedepartementet

www.startsiden.no Lenkjer til sportsnyhende frå dei største media

www.klokeavskade.no Senter for idrettsskadeforsking

www.idrettsanlegg.no Nettsider for spillmedelsøknadar og søk på anlegg under Kultur- og kyrkjedepartementet

Organisasjonar

www.idrett.no Nettstaden til Norges idrettsforbund

http://www.idrett.no/saerforbund/Sider/default.aspx Lenkjer til særforbunda i Norges idrettsforbund

www.niso.no Sentralorganisasjon for norske idrettsutøvarar

http://www.idrett.no/tema/funksjonshemmede/Sider/Funksjonshemmede.aspx Om idrett for funksjonshemma personar i Noreg frå nettstaden til Norges Idrettsforbund

Doping

Under finn du lenkjer til artiklar om doping i idretten. Bruk desse og eventuelt annan informasjon du finn om dette temaet, og hald eit foredrag for samfunnsfaggruppa di om doping i idretten. Du kan velje éi eller fleire av problemstillingane under, eller du kan velje problemstillingar sjølv.





Forslag til problemstillingar:

  • Kva er doping, og kva for ulike former for doping finst det?
  • Kva er årsakene til at somme dopar seg?
  • Kva for konsekvensar kan bruk av anabole steroid ha for den enkelte og for samfunnet?
  • Korleis kan kosttilskot misbrukast? Kva for konsekvensar kan slikt misbruk ha?
  • Kva går den nye UNESCO-konvensjonen om doping ut på?
  • Gjer greie for gangen i dopingsaker.
  • Korleis arbeider Norges Idrettsforbund mot doping?

Nettstader: 



www.antidoping.no Nettsidene til Antidoping Norge. Her finn du mykje informasjon om doping

www.idrett.no Nettsidene til Norges Idrettsforbund

www.regjeringen.no/nb/dep/kud/tema/idrett

Informasjon frå Kultur- og kyrkjedepartementet om internasjonalt antidopingarbeid 



www.bt.no/nyheter/lokalt/Vold-aggresjon-og-psykoser Artikkel frå Bergens Tidende om vald og psykiske problem som følgje av dopingbruk

www.aftenposten.no/helse/ www.aftenposten.no/helse/

Artiklar frå Aftenposten om helserisiko ved bruk av doping

www.bt.no/nyheter/innenriks/ www.bt.no/nyheter/lokalt/Ufretrygdet-av-dopingmisbruk

Artiklar frå Bergens Tidende om konsekvensar av dopingbruk