Oppdateringar:

KAPITTEL 4: KRIMINALITET

Kriminalstatistikk

På nettstaden til Statistisk sentralbyrå finn du oppdaterte kriminalstatistikkar.

KAPITTEL 8: DET POLITISKE SYSTEMET I NOREG

Statsrådar og departementsstruktur

På nettstaden regjeringa.no finn du oppdaterte oversikter over statsrådane i regjeringa og departementsstrukturen.

Odelsting og lagting. Riksrett

20. februar 2007 vedtok Stortinget nye grunnlovsendringar: Ei ny riksrettsordning blei vedteken, og Stortingets to avdelingar Odelstinget og Lagtinget blei oppheva. Tidligare blei lovsaker først behandla i Odelstinget og så i Lagtinget. No skal dei behandlast i plenum i to omgangar i Stortinget.  Endringar i Riksretten Lagtingets medlemmer vil ikkje lenger møte i retten som dommarar, og Odelstinget skal ikkje kunne reise ei sak for Riksrett. I den nye Riksretten vil det sitje fem dommarar frå Høgsterett og eit utval på seks lekdommarar valte av Stortinget. Ingen av dei valde medlemmene kan vere stortingsrepresentantar. Høgsterettsjustitiarius skal vere rettens president.  

Les artikkelen "Farvel til Lagtinget" frå Dagbladet.

KAPITTEL 14: SAMARBEID OVER GRENSER

Side 212-215: Ny delelinje mellom Noreg og Russland

I 40 år har det vore usemje mellom Noreg og Russland om kvar grensa mellom dei to landa går i Barentshavet. I 2010 blei nabolanda samde om ein historisk avtale der delelinja i Barentshavet er avklart. Sjå artikkelen "Et enormt matfat" frå Aftenposten for kart med den nye delelinja i Barentshavet.