Om utforskaren - til læreren

Utforskaren er den nye delen i læreplanen for samfunnsfag. Delen har desse kompetansemåla:

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:

• formulere ei aktuell samfunnsfagleg problemstilling og skrive ein drøftande tekst ved å bruke fagomgrep, variert kjeldetilfang og kjeldetilvisingar

• utforske aktuelle lokale, nasjonale eller globale problem og drøfte ulike løysingsframlegg

• finne og samanlikne informasjon som skildrar problemstillingar fra ulike synsvinklar, og vurdere formålet og relevansen til kjeldene

• bruke samanfallande og motstridande informasjon frå statistikk til å drøfte ei samfunnsfagleg problemstilling

• drøfte samfunnsfaglege tema i digitale diskusjonsfora og vurdere kvaliteten på sine eigne og andres innlegg

 

Her på nettsidene finn du det du treng for å arbeide med desse kompetansemåla (sjå Utforskar-knapp oppe til høgre). Det er oppgåver knytte til måla, ved sida av teoristoff om statistikk og tabellar og om korleis ein skriv ei samfunnsfagleg oppgåve. Oppgåvene ligg òg tilknytt kapitla, slik at arbeidet med utforskarstoffet blir integrert i arbeidet med temaa frå boka. Kompetansemåla i utforskaren ber elevane gjere ulike øvingar, for dermed å lære om samfunnsfagleg metode. Derfor er det gjennom arbeid med oppgåver at elevane oppfyller kompetansemåla. Vi minner òg om at du finn nyttig stoff om samfunnsfagleg metode i Lærarrommet her på nettsida.