Sentrale økonomiomgrep

Inntekt:

For privatpersonar er bruttoinntekta det same som arbeidsinntekt og kapitalinntekt (renter, aksjeutbytte). Til dagleg seier vi at vi finn nettoinntekta ved å trekkje frå skatten, altså det ein får utbetalt / overført til lønnskontoen. I samband med skattelikninga blir dette noko annleis, fordi ein da legg til renteinntekter/kapitalinntekter og trekkjer frå renter på lån og andre frådragsgodkjende summar før ein finn nettoinntekta.

Vi kan trekkje ein parallell til bedriftene:

Driftsinntekt (bruttoinntekt)

- Driftskostnader (materiale, lønn, husleige osv.)

= Driftsresultat

Renteinntekter/kostnader blir kalla finansinntekter:

+ Finansinntekter

- Finanskostnader

= Ordinært resultat før skattekostnad

Formue:

Både for privatpersonar og for bedrifter blir dette definert som alle eigedelar (bygningar, bilar, kontantar) minus gjeld. Ettersom bygningar har både ein marknadsverdi og ein likningsverdi, kan den faktiske formuen vere ganske ulik formuen i rekneskapen. Ein privatbustad kan for eksempel ha ein marknadsverdi på 5 millionar, mens likningsverdien er på 1,5 millionar. Har du eit lån på bustaden på 2 millionar, vil du altså kunne ha null i formue, mens eit sal av bustaden vil vise noko heilt anna.

Eigenkapital (EK):

Dette omgrepet blir brukt i samband med balanserekneskapen til bedriftene. Langt på veg kan det seiast å vere det same som formue, men i bedrifter skil ein mellom innskoten EK og opptent EK, til forskjell frå hos privatpersonar. Innskoten eigenkapital er pengar eller eigedelar som eigarane set inn i selskapet. Opptent eigenkapital er den verdien eigarane held igjen i selskapet av tidlegare års overskot. Eit overskot i resultatrekneskapen medfører altså at EK aukar.

(Mange elevar har vanskar med å skjønne omgrepet EK. Dei set likskapsteikn mellom kontantar og EK, men det stemmer altså ikkje.)

Kalkyle/kalkulasjon:

Ei bedrift set opp ein kalkyle for å få oversikt over kostnadene og setje ein pris på produkta sine. Om vi tek utgangspunkt i ei produksjonsbedrift, kan ein enkel kalkyle sjå slik ut:

Salspris per eining

720

Materialkostnader

130

Lønn per eining

120

Sum variable kostnader

250

250

Dekningsbidrag per eining

470

Dekningsbidraget er eit uttrykk for kor mykje som er "igjen" etter at dei variable kostnadene er trekte frå. Det skal dekkje faste kostnader og gi forteneste. Dersom ei bedrift for eksempel har faste kostnader på 47 000 kroner, må ho altså selje minst 100 einingar for å få dekt faste kostnader, men ho har da null i forteneste. Sel bedrifta 150 einingar, har ho 23 500 i overskot (150 * 470 - 47 000 = 23 500).

Det er viktig for bedrifta å finne ut kor mykje ho minimum må selje, og kor høg prisen må vere om dei variable kostnadene er gitt, for at ho skal få overskot. Den mengda som akkurat gir dekning for alle kostnadene, kallar vi dekningspunktet.

Sjå også reknearka med resultatbudsjett for produksjonsbedrift og kalkyle