Film i undervisninga

Filmforslag

Å vise ein film i klassa knytt til eit av emna som blir behandla i Streif, kan gi ein fin variasjon i undervisninga i samfunnsfag.

Mange lærarar føler at dei manglar kunnskap om korleis dei kan bruke film i undervisninga, og kva som er lov når det gjeld filmvising i klasserommet. På nettsidene til Norsk Filminstitutt kan du finne informasjon om dette (sjå også lenkjene til høgre).

nettsida til Skolekino kan du halde deg oppdatert på nyheiter om film i skolen. Her kan du også søkje i Skolekinos database etter relevante filmar til samfunnsfagundervisninga ved å velje klassetrinn, fag og tema. Til dei ulike filmane i basen finn du filmstudieark med filmomtalar, tips til korleis filmane kan brukast i undervisninga, og oppgåver knytte til dei.

Under finn du nokre forslag til filmar som du kan bruke i undervisninga i samfunnsfag, og kva for kapittel dei passar til. Til forslaga følgjer det også lenkjer til filmstudieark, presentasjonar av filmane og oppgåver.

Ungdommens råskap (kapittel 1)

Ungdommens råskap er ein norsk dogmefilm frå 2004. Filmen følgjer elevar ved 10. klassesteg på Hauketo skole i utkanten av Oslo dei siste månadene før eksamen.

På nettsida til Skolekino kan du finne eit filmstudieark til Ungdommens råskap.

er ein norsk dogmefilm frå 2004. Filmen følgjer elevar ved 10. klassesteg på Hauketo skole i utkanten av Oslo dei siste månadene før eksamen.

Klassen (kapittel 1)

Filmen Klassen følgjer ei fransk skoleklasse i ein forstad til Paris gjennom eit skoleår.

På nettsida til Skolekino kan du finne eit filmstudieark til Klassen.

Fucking Åmål (kapittel 1)

I Fucking Åmål møter vi nokre ungdommar på den vesle tettstaden Åmål i Nord-Sverige. Filmen tek opp relevante tema for elevane, som ungdom, identitet og seksualitet, homoseksualitet og tilhøyrsle.

På nettsida til Skolekino kan du finne eit filmstudieark til Fucking Åmål.

Engelen (kapittel 1, 2 og 4)

Engelen handlar om den narkomane mora Lea og hennar kamp for å bli nykter.

På nettsida til Skolekino kan du finne eit filmstudieark til Engelen

handlar om den narkomane mora Lea og hennar kamp for å bli nykter.

Crash (kapittel 1, 4, 5 og 6)

Denne filmen passar godt som ei oppsummering etter kapittel 1, 4, 5 og 6 fordi filmen eksemplifiserer mange av dei sentrale omgrepa i desse kapitla.

Oppgåver: 

  1. Kven er di ulike personane i filmen?
  2. Kva lovbrot skjer i filmen? Er desse lovbrota eksempel på tradisjonell eller ny kriminalitet?
  3. Kva forklaringar gir filmen på kvifor gjerningsmennene gjer desse kriminelle handlingane?
  4. Kva fortel filmen om sosialisering?
  5. Kva fortel filmen om fordommar og kvardagsrasisme?
  6. Korleis vil du forklare det som skjer med den unge politimannen?
  7. Kven er heltar, og kven er skurar i denne filmen?
  8. Kva tenker du etter å ha sett denne filmen, og kva tur du at regissøren har ønskt å få fram?

Om filmen:

Crash er eit storbydrama og ei provoserande skildring av rasediskriminering i dagens Amerika. Vi møter mellom anna ein persisk butikkeigar og familien hans, to politietterforskarar som også er elskarar, ein afroamerikansk tv-regissør og kona hans, ein meksikansk låsesmed, to biljuvar, to politimenn og eit middelaldrande koreansk par. Alle bur i Los Angeles. Og i løpet av dei neste 36 timane skal vegana deira krysse kvarandre. 

Nettstader:

www.aftenposten.no  Melding av filmen i Aftenposten

www.dagbladet.no  Melding av filmen i Dagbladet

www.dagsavisen.no  Melding av filmen i Dagsavisen

www.vg.no Melding av filmen i VG

Alt om min far (kapittel 2)

Alt om min far handlar om ein far som oppfattar seg som både kvinne og mann, og om korleis familien hans opplever dette.

På nettsida til Skolekino kan du finne eit filmstudieark til

Alt om min far

Prøvetid (kapittel 4)

Prøvetid handlar om fire tidlegare rus- og/eller valdsdømde fangar som er med på rehabiliteringstilbodet Vardeteatret i Oslo. Vardeteatret bruker teaterarbeid som metode i rehabiliteringa, og dei fire tidlegare fangane skal skrive og setje opp eit teaterstykke.

På nettsida til Skolekino kan du finne eit filmstudieark til Prøvetid.

Jalla! Jalla! (kapittel 6)

Utdrag frå omtale av filmen frå filmstudiearket til Jalla! Jalla!

"I Jalla! Jalla! (som er arabisk og betyr Kom igjen!) henter Fares fram konflikter og problemer som unge fra andre kulturer ofte sliter med i sine nye hjemland. Han har valgt å bruke sine egne familiemedlemmer som skuespillere. Dette tilfører filmen troverdighet, med mange detaljer i miljøskildringen, som bare Josef Fares med sitt libanesisk/svenske blikk kunne kjenne til."

Migrapolis (kapittel 5 og 6)

nettsidene til NRK kan du finne ei oversikt over dei siste fjernsynsprogramma i serien Migrapolis. Desse programma eignar seg godt til tema kultur og kulturmøte, som blir tekne opp i kapittel 5 og 6 i læreboka.

Folk flest bor i Kina (til kapittel 7 og 8)

Handlinga i Folk flest bor i Kina utspeler seg på eitt døgn dagen før valet. Fellesnemnaren er ein avsides bensinstasjon på ein norsk landeveg. Her jobbar Lasse, som lever av å selje bensin, men drøymer om å fly. Han opplever eit døgn utanom det vanlege. Filmen handlar om val og politiske parti.

På nettsida til Skolekino kan du finne eit filmstudieark til Folk flest bor i Kina.

American History X (kapittel 7, 8, 9 og 15)

American History X er eit sterkt og dystert drama som gir et bilete av forvridde ideal og eit USA i oppløysing. Filmen viser på ein truverdig måte eit miljø vi i Noreg og Europa er så altfor godt kjende med. Filmen får fram korleis nynazisme og rasisme har utgangspunkt i fattigdom og misnøye med eige liv, og korleis rasisme har grunnlag i tillærte fordommar og blir underbygd av sjalusi, vankunne og frykt.

På nettsida til Skolekino kan du finne eit

filmstudieark til American History X.

Slumdog Millionaire (kapittel 13)

Slumdog Millionaire skildrar ein foreldrelaus gut frå ein storbyslum i India som vinn tv-konkurransen «Vil du bli millionær?».

På nettsida til Oslo Kino kan du finne ein presentasjon av Slumdog Millionaire (kapittel 13)

Oppgåver:

  1. Kven er hovudpersonen i filmen?
  2. Kva er drivhuseffekten, og kva har skapt drivhuseffekten?
  3. Korleis kan vi merke drivhuseffekten i dag?
  4. Korleis kan vi vite noko om di klimaendringane som har funne stad gjennom hundrevis og tusenvis av år?
  5. Kva naturkatastrofar frå dei siste åra blir nemnde i filmen?
  6. Kva konsekvensar kan det få om polisen smeltar?
  7. Kva konsekvensar kan global oppvarming få?
  8. Kva konsekvensar har verdas befolkningsauke fått?
  9. Kva forklaringar gir Al Gore på at vi ikkje tek miljøproblema på alvor?
  10. Kva kan vi gjere for å snu den negative utviklinga?

Om filmen:

Menneskeætta sit på ei tidsinnstilt bombe. Viss det store fleirtalet av vitskapsfolk i verda har rett, har vi berre ti år på oss til å avverge ein større katastrofe som kan bringe heile klodens klimasystem inn i eit kaos av enorme ødeleggingar med ekstreme vêrforhold, storflaumar, tørke, epidemiar og kvelande hetebølgjer verre enn vi nokon gong har opplevd. Ein katastrofe som vi sjølve har skapt.Filmen gir eit innblikk i éin manns innsats for å avsløre dei mytane og mistydingane som global oppvarming er omspunnen av, og inspirerer til handling for å hindre det. Denne mannen er tidlegare visepresident Al Gore som i kjølvatnet av valnederlaget i år 2000, skifta fokus i livet og nå konsentrerer seg fullt og heilt om å redde jorda frå endringar vi ikkje kan snu. I dette tankevekkjande og skarpe portrettet av Gore og hans turné med sitt "global oppvarmingsshow" er Gore morsom, engasjerande, åpen og kort og godt i fyr og flamme over å bringe den stygge sanninga om det han kallar vår "planetære krise" ut til vanlege menneske før det er for seint.

Nettstader:

www.filmweb.no Trailer frå filmen

oslopuls.no  Melding av filmen i Aftenposten

www.dagbladet.no Melding av filmen i Dagbladet

www.dagsavisen.no Melding av filmen i Dagsavisen

www.vg.no Melding av filmen i VG

Vals med Bashir (kapittel 15)

Animasjonsfilmen Vals med Bashir handlar om ein ung mann som har prøvd å fortrengje tida da han var soldat under krigen i Libanon, og minnet om massakrane i dei palestinske flyktningleirane Shatila og Sabra i 1982, der omkring 2000 sivile blei drepne.

På nettsida til Skolekino kan du finne eit filmstudieark til Vals med Bashir.

Shooting dogs (kapittel 15)

Oppgåver:

  1.  Kva heiter dei to folkegruppene i Rwanda?
  2. Kva var bakgrunnen for folkemordet, og når fann det stad?
  3. Korr mange ble drepne, og kven stod bak drapa?
  4. Korleis forklarer filmen at folkemordet utvikla seg slik som det gjorde?
  5. Kva gjer FN og resten av verda for å prøve å stanse konflikten eller redde offera?
  6. Kva viser tittelen til?
  7. I kva grad er filmen truverdig?
  8. Kva tenker du om det som skjedde i Rwanda? Kvifor utvikla situasjonen seg som den gjorde? Kunne folkemordet vore hindra?

Om filmen:

April 1994. Rwanda er på randen av borgarkrig. Situasjonen er spent, men livet går sin vante gang på skolen der Joe underviser. Han er ein ung og idealistisk lærer på ein britisk misjonsskole i hovudstaden Kigali, der Fader Christopher er overhovud.

Plutseleg bryt helvetet laus. Hutu-milits begynner brutalt å slakte ned tutsiar. Tusenvis av tutsiar søkjer tilflukt på misjonsskolens område, der også ein liten belgisk FN-delegasjon er stasjonert. Men tryggleiken frå FN-soldatane viser seg å være syltynn. Soldatane har berre mandat til å overvake situasjonen, ikkje til å gripe inn. Tutsiane opplever at heile verda vender dei ryggen. Og utanfor det spinkle gjerdet samlar hutuar seg med bloddryppande machetar.

Filmen er basert på verkelege hendingar frå folkemordet i Rwanda og innspelinga er lagt til skolen der det verkeleg skjedde. Mange av dei involverte i filmen opplevde folkemordet på kroppen og mista fleire av sine nærmaste under tragedien.

Shooting dogs fikk Den Norske Fredsfilmprisen i Tromsø 2006 med følgjande grunngjeving: "Det er ein film som på ein kraftfull måte tematiserer eit ekstremt tilfelle av direkte, kulturell og strukturell vald. Emnet i filmen er dei fryktelege overgrepa som blei gjorde i Rwanda i 1994, og korleis FNs fredsstyrkar og det internasjonale samfunnet fullstendig svikta ansvaret sitt for å verne sivilbefolkninga mot folkemordet. Ved å sjå historia gjennom auga til ei ung tutsi-jente får vinnaren av året tydelig fram dei systematiske og rasistiske sidene ved dei fryktelege hendingane og den kyniske mangelen på politisk vilje til å gripe inn. Sjåaren sit igjen med sterke kjensler av sinne og avsky, samtidig som filmen får fram vesentlege etiske dilemmaer knytte til internasjonal bruk av makt for å verne menneske i ein desperat situasjon".

Nettstader:

www.dagbladet.no  Melding av filmen i Dagbladet

www.dagsavisen.no  Melding av filmen i Dagsavisen

www.vg.no  Melding av filmen i VG

I en bedre verden (kapittel 15)

Filmen I en bedre verden problematiserer spørsmålet om korleis konfliktar kan løysast, med vald eller med pasifisme.

nettsida til oslokino.no kan du finne ein omtale av filmen.

Diskusjonsspørsmål:

  1. Filmen problematiserer spørsmålet om i kva grad konfliktar kan løysast med vald eller med pasifisme. Gir filmen eit svar på dette spørsmålet? Tek han stilling / har han ein bodskap?
  2. Tenk dykk at Elias hadde døydd av skadane han fekk mot slutten av filmen. Ville dette endra bodskapen i filmen?
  3. Beskriv sentrale personar i filmen. Kva rolle har dei ulike personane i filmen?
  4. Kjenner du til litteratur eller andre filmar som tek opp liknande konfliktar?
  5. Filmen er bygd opp av fleire historier. Vil de seie at det er parallelle historier? I så fall: kva for nokon?
  6. Diskuter: Kan vald løyse konfliktar?