Om eksamen

Læreplanen seier at samfunnsfag er eit munnleg fag. Det vil seie at eksamensforma også er munnleg. Vidare er samfunnsfag eit trekkfag, altså eit fag der elevane kan bli trekte ut til eksamen. Læreplanen seier også at

  • elevane kan trekkjast ut til munnleg eksamen
  • eksamensoppgåvene skal utarbeidast og sensurerast lokalt etter sentrale retningslinjer

Kvart fylke har eigne retningslinjer for korleis eksamenen skal vere. Elles finn du informasjon om eksamen i kapittel 3 av forskriftene til opplæringslova.

Eksamenen er organisert i to delar. Den eine er ein førebuingsdel på inntil 2 dagar. Førebuingsdelen inngår normalt ikkje i vurderingsgrunnlaget. Fylkeskommunen kan likevel bestemme at han skal inngå i vurderingsgrunnlaget for eksamenen. Ved tvil blir det lagt vekt på prestasjonen i sjølve eksamenssituasjonen.

Eksamensoppgåvene skal innehalde praktisk informasjon om korleis eksamenen går føre seg, kva kompetansemål oppgåva dreier seg om, og kva kriterium elevane blir vurderte ut frå.

Meir informasjon finn du på

Utdanningsdirektoratets eksamenssider og i dette forslaget til vurderingskriterium i samfunnsfag (Word-dokument).

Eksempel på eksamensoppgåver

Under finn du eksempel på ulike typar eksamensoppgåver til munnleg eksamen i samfunnsfag.

1. Emne: Norsk politikk

Individuell eksamen - førebuingstid 48 timar.

Alle hjelpemiddel er lov å bruke. 
 Du kan bli beden om å gi opp kjeldene du har brukt. 



Instruks til eksaminanden:
  • Under eksaminasjonen skal du halde eit foredrag der du svarer på oppgåva. Foredraget skal vere på ca. 15 minutt. Foredraget skal ikkje lesast opp frå eit ferdigskrive manus.
  • Etter foredraget blir det ein samtale på ca. 10 minutt mellom deg og eksaminator med utgangspunkt i oppgåva.
Oppgåve:
  1. Gjer greie for skilnader mellom dei politiske partia i Noreg.
  2. Kva skil partia når det gjeld økonomisk politikk?
  3. Gjer greie for norsk utanrikspolitikk.
  4. Kva utanrikspolitiske saker er det semje og usemje om i Noreg? Kva samanhengar er det mellom ideologien til partia og utanrikspolitikken deira?
Oppgåva dekkjer følgjande mål i læreplanen:
  • identifisere grunnleggjande skilnader mellom dei politiske partia i Noreg, og argumentere frå ulike politiske ståstader
  • gi eksempel på internasjonalt samarbeid og beskrive Noreg som internasjonal aktør
  • gjere greie for sentrale kjenneteikn ved norsk økonomisk politikk

2. Emne: Samisk kultur og urfolk

Individuell eksamen - førebuingstid 48 timar.Alle hjelpemiddel er lov å bruke.

Du kan bli beden om å gi opp kjeldene du har brukt. 




Instruks til eksaminanden:

  • Under eksaminasjonen skal du halde eit foredrag der du svarer på oppgåva. Foredraget skal vere på ca. 15 minutt. Foredraget skal ikkje lesast opp frå eit ferdigskrive manus.
  • Etter foredraget blir det ein samtale på ca. 10 minutt mellom deg og eksaminator med utgangspunkt i oppgåva.
Oppgåve:

Lag ei eller fleire problemstillingar til det temaet som læreplanmåla gir.

Problemstillingane skal godkjennast av faglærar.

Oppgåva dekkjer følgjande mål i læreplanen:
  • presentere hovudtrekk ved samisk kultur i dag og reflektere over kva det vil seie å vere urfolk
  • gjere greie for arbeidet som FN gjer med fred og menneskerettar og forklare rolla til FN i det internasjonale arbeidet for urfolk

3. Emne: Fattige og rike

Gruppeeksamen - førebuingstid 48 timar.

Alle hjelpemiddel er lov å bruke. Du kan bli beden om å gi opp kjeldene du har brukt. 



Oppgåve: 



Tre emne:

  • Økonomisk globalisering - konsekvensar
  • Fattigdom - årsaker og tiltak
  • Norsk økonomi - kvifor er vi rike?
Instruks til eksaminandane:
  • Tema for oppgåva er fattige og rike. Under finn de dei læreplanmåla de skal målast i og seie noko om. I oppgåva har de fått tre emne. De må sjølve lage problemstillingar til kvart emne. Desse problemstillingane skal godkjennast av faglærar.
  • De deler emne og problemstillingar mellom dykk og førebur eit innlegg på ca. 10 minutt kvar. De kan bruke dei hjelpemidla de vil i presentasjonen.
  • Etter foredraga blir det ein samtale mellom dykk og eksaminator. Kvar av dykk må setje seg inn i alle sider av oppgåva.
  • Kvar elev blir vurdert individuelt og får ein eigen karakter.
Oppgåva dekkjer følgjande mål i læreplanen:
  • gjere greie for årsaker til at somme land er fattige og somme rike, og drøfte tiltak for å redusere fattigdom i verda
  • forklare omgrepet globalisering og vurdere ulike konsekvensar av globalisering
  • gjere greie for sentrale kjenneteikn ved norsk økonomisk politikk
  • diskutere hovudprinsippa for den norske velferdsstaten og dei utfordringane den står overfor

4. Emne: Organisasjonar

Individuell eksamen - førebuingstid 48 timar.

Alle hjelpemiddel er lov å bruke. 
 Du kan bli beden om å gi opp kjeldene du har brukt. 




Instruks til eksaminanden:

  • Under eksaminasjonen skal du halde eit foredrag der du svarer på oppgåva. Foredraget skal vere på ca. 15 minutt. Foredraget skal ikkje lesast opp frå eit ferdigskrive manus.
  • Etter foredraget blir det ein samtale på ca. 10 minutt mellom deg og eksaminator med utgangspunkt i oppgåva.
Oppgåve:
  1. Kva ulike typar organisasjonar finst i det norske og det internasjonale samfunnet?
  2. Kva rolle spelar desse organisasjonane for samfunnet og for einskildmenneska?
  3. Drøft påstanden: «Organisasjonane har for stor makt i det norske samfunnet i dag.»
Oppgåva dekkjer følgjande mål i læreplanen:
  • gjere greie for organisasjonane sin plass i det norske arbeidslivet og drøfte faktorar som bestemmer lønn og arbeidsvilkår
  • gjere greie for korleis ein sjølv kan vere med i og påverke det politiske systemet gjennom bruk av ulike kanalar for påverknad og kunne gjere greie for ulike utfordringar for demokratiet
  • gi eksempel på internasjonalt samarbeid og beskrive Noreg som internasjonal aktør
Vurderingskriterium

Graden av kompetanse, eller fagleg meistring, er avhengig av i kva grad elevane:

  • viser fagleg oversikt og fagleg djupn
  • viser evne til fagleg drøfting og problematisering
  • viser evne til å presentere faglege emne poengtert og med ein logisk, klar struktur
  • viser evne til å hente inn, vurdere og bruke informasjon
  • viser sjølvstende i bruk av fagleg kunnskap