Foto er tolking av samfunnet - slik ein fotograf ser det

I ei avis eller i eit tidsskrift tek fotografen og redaksjonen mange val før dei aktuelle bileta blir plukka ut og publiserte.

Ved å sjå bilete i ein større samanheng kan ein trene seg opp til å forstå kva redaksjonelle bilete fortel om ei hending eller ein person.

Denne innføringa i biletanalyse er skriven av

Paul S. Amundsen , frilansfotograf for bl.a. Bergens Tidende, og inneheld mange eksempel på biletanalyse og gode idear til oppgåver. Bileta er dels Amundsens eigne, dels henta frå Fagbokforlagets verk for vidaregåande skole (norsk, samfunnsfag, historie og engelsk)

Analyse av bilet- og fotokunst

Gjennom radio, fjernsyn, nettstader, reklame, aviser, film, musikk, teikneseriar og biletbøker blir vi dagleg bombarderte med eit mangfald av lydar og synsinntrykk.

VISUELLE INNTRYKK

Alle inntrykk vi mottek gjennom synssansen, kallar vi visuelle inntrykk . Vi tek i mot mange slike inntrykk på ein dag. Kunstbilete, reklamebilete, reportasjebilete, plakatar, logoar, trafikksymbol, cd-omslag, bokillustrasjonar og bilete i blad og tidsskrift kappast om merksemda vår. Desse bileta kallar vi stillbilete .

Jamvel om bilete er blitt ein viktig måte å kommunisere på i samfunnet vårt, og sjølv om omgivnadene våre er fulle av bilete som ønskjer å bli sedde, er det ikkje alltid vi oppfattar dei. Reklame, skilt og logoar er enkle å ta stilling til, og det same gjeld avisbilete, fordi dei alltid er plasserte saman med ein forklarande tekst. Kunstbilete som vi møter i museum og galleri, treng vi derimot meir tid til å forstå. Men ein må ikkje alltid forstå eit bilete for å ha glede av det, og ein kan bli gripen av eit bilete utan å kunne noko om bilete. Likevel er kunnskap om biletspråket (det visuelle språket) ein god bagasje å ha med seg både når ein ser på bilete, og når ein sjølv lagar bilete.

BILETBESKRIVING

Det er fullt mogleg å øve opp evna til å beskrive bilete, til å registrere kva ein ser, og setje ord på det. Då treng vi eit sett med omgrep og ein måte å "angripe" biletet på, ein metode.

 

I ei rein biletbeskriving skildrar vi berre det vi ser; vi let ikkje eigne oppfatningar av biletet farge beskrivinga. Beskrivinga skal vere så objektiv som mogleg. Det vil seie at vi bør bruke ord som er nøytrale.

Ein viktig regel er å begynne med heilskapen. Vi kan for eksempel begynne med å fortelje kva slags teknikk biletet er laga i. Er det eit fotografi, eller er det eit måleri? Vi kan seie noko om storleiken og formatet (høgde- eller breiddeformat) på biletet. Dersom det har noko å seie for forståinga, er det viktig å fortelje når biletet er laga. Er det eit notidig fotografi, er det ein plakat, eller er det eit måleri frå 1800-talet eller kanksje frå endå lenger tilbake i tida?

Vi må tidleg seie noko om hovudmotivet i biletet, det vil seie det kunstnaren har valt å ta med i biletet, og kva som ikkje er med.

Det kan vere lurt å dele inn biletet i ein framgrunn, ein mellomgrunn og ein bakgrunn . Det er òg viktig å fortelje kvar dei ulike elementa i biletet er, og kvar dei er i forholdn til kvarandre. Vi får bruk for omgrepatil venstre for og til høgre for, bak, framfor og diagonalt. Fargebruken i biletet må vi òg seie noko om. Kva slags fargar er brukte?

VISUELLE VERKEMIDDEL

Ein annan måte å nærme seg språket til bileta på er å sjå nærare på dei visuelle verkemidla i biletflata - alle elementa som til saman skaper eit synleg bilete (linjer, former og fargar, og forholdet mellom dei).

 

Ei bilete er alltid ein del av ein heilskap. Biletskaparen må velje eit biletutsnitt som avgrensar biletet, anten han/ho skal fotografere eller bruke andre teknikkar. Kor tett inn på motivet skal ein gå? Kor mykje skal ein ta med?

Alt det biletskaparen kan utnytte for å få fram uttrykk og innhald i biletet, kallar vi visuelle verkemiddel, og anten vi ser på andre sine bilete eller lagar eigne, er kunnskap om desse verkemidla nyttig. Vi kan øve opp synssansen til å sjå eit bilete, til å kunne skilje mellom eit godt og eit dårleg bilete.

Rørsle

Når vi ser eit bilete, blir auga leidde i ulike retningar, alt etter korleis biletskaparen har tenkt, eller korleis biletet er komponert. Sjølv om det er eit stillbilete, får vi slik kjensla av at motivet rører seg.

I dans, musikk, lyrikk og arkitektur er rytme eit grunnleggjande verkemiddel som skaper rørsle. Også i bilete kan rytmen ha mykje å seie. Ved gjentaking av linjer, flater eller former går det an å skape rytme i eit bilete. Rytmen blir då ein del av biletkomposisjonen.

Synsvinkel

Biletskaparen kan velje å sjå motivet frå ulike synsvinklar eller ståstader - sjå opp, ned, rett fram eller til sida. Han/ho avgjer kvar han/ho vil fokusere , det vil seie feste blikket. Valet av synsvinkel har mykje å seie for korleis den som ser biletet, opplever motivet, kva slags haldning vi får til det.

Valet av synsvinkel kan vere med på å understreke kva biletskaparen vil fortelje med biletet sitt. Sett frå froskeperspektiv blir motivet løfta opp mot taket, men sett frå fugleperspektiv blir figurar og gjenstandar trykte nedover. Eit motiv sett rett framanfrå signaliserer at ein er på like fot med dei som er avbilda.

Farge, lys og skugge

Fargar, lys og skugge er verkemiddel som blir brukte når ein skal få eit biletuttrykk til å verke tredimensjonalt på ei todimensjonal flate. Ved hjelp av ulike valørar eller nyansar kan ein modellere fram ei kjensle av tyngd, rom og volum i biletet - innhaldet i biletet blir til å ta og kjenne på, med former som er i rørsle både innover og utover.

Lyset kan beskrive og forsterke former. Men det kan òg ha andre funksjonar. Det kan fungere som eit sterkt stemningsskapande verkemiddel. Gjennom kraftige kontrastar mellom lys og skugge kan ein biletskapar få fram ei dramatisk stemning. Tenk for eksempel på korleis ein kan lyssetje eit andlet for å skape dramatikk i uttrykket.

Fargar er eit anna stemningsskapande verkemiddel.Fargar kan verke inn på kjensler og opplevingar og setje oss i ulike stemningar. Skarpe fargekontrastar eller duse nabofargar (fargar som ligg ved sidan av kvarandre i fargesirkelen) kan bevisst brukast til å formidle uttrykket ein ønskjer. Ein skarpt raud himmel i staden for den "vanlege" blå, eller eit grønt andlet i staden for eit andlet med "vanleg andletsfarge" kan gi oss signal om noko anna enn det som er vanleg. Kunstnararn kan på den måten bruke fargar symbolsk for å formidle bodskapen sin.

 

FOTOGRAFI

Det har vore sagt at å fotografere er å måle med lys og skugge. Ei lyskjelde - sola, ein lampe eller ein fyrstikk - må til om ein skal ta eit fotografi. Ordet fotografi har røter i gresk og tyder lysskrift. Utan lys blir det ikkje noko fotografi.

Auget som ser

Dei visuelle verkemidla vi tidlegare har vore inne på, gjeld i like stor grad målarkunst og fotokunst. I tillegg er euget den viktigaste reiskapen saman med kameraet. Å fotografere er å ha eit vake blikk for verda rundt seg. Dei færraste motiva kjem av seg sjølv. Fotografen må finne dei, skape dei. Det gjeld å opne opp nokre nye dører i jakta på eit motiv. Å fotografere er å ta vare på eit lite stykke tid, og det gjeld å fange inn dei avgjerande augneblinkane. Fotografen kan fryse handling eller ta vare på rørsle.

Å komponere eit fotografi

For å fotografere godt treng ein både øving og kunnskap - kunnskap om verkemiddel ein kan bruke for å velje ut dei riktige bileta. Her nemner vi nokre av verkemidla som kan brukast:

Fjerne forstyrrande element og rydde biletet. Når vi ser eit vakkert landskap, legg vi ikkje merke til forstyrrande element i det vi ser. Men eit kamera har ikkje den evna. Det registrerer alt som er i søkjaren, difor er det viktig å tenkje gjennom kva ein vil ha med.

Tenkje på oppbygginga av biletet: avstand til motivet, kameravinkel, høgde- eller breiddeformat. Anten ein fotograferer eit landskap eller arrangerer eit motiv innandørs, er det viktig å tenkje på korleis ein byggjer opp biletet. Moglegheitene er mange: Ein kan gå nærare eller fjerne seg frå motivet. Ein kan endre kameravinkelen. Normal augnehøgd er den augnhøgda vi oppfattar motivet gjennom til dagleg. Men går ein nokre trappetrinn opp eller set seg på huk for å ta biletet, endrar ein sitt eige forhold til biletet. Når menneske eller ting bluir fotograferte nedanfrå, verkar dei gjerne store og dominerande. Blir dei fotograferte ovanfrå, verkar dei mindre. Ein kan halde kameraet vertikalt eller horisontalt. Det tyder at ein tek stilling til om ein vil ha høgde- eller breiddeformat på fotografiet.

Skålvektprinsippet (ei kjensle av at motivet veg like mykje på kvar side av ein midtakse i biletet). For at eit bilete skal vere godt å sjå på, må det vere i balanse, og då er skålvektprinsippet lurt å tenkje på.

Det gylne snittet. Dei fleste fotografar bruker det gylne snittet i bileta sine. Dei plasserer hovudmotivet litt utanfor sentrum i biletet for å skape spenning og rørsle i uttrykket. 

Tilskjering. Når ein fotograferer, må ein ta stilling til korleis ein skjer til biletet. Kor tett inn på motivet skal ein gå? Kor mykje av omgivnadene vil ein ha med? Det er avhengig av kva fotografen ønskjer å uttrykkje.

Innramming av motivet. Ønskjer ein at hovudmotivet skal stå åleine, eller ønskjer ein for eksempel å ramme det inn med noko som er å finne rundt det sentrale motivet?

Skarpt eller uskarpt? Har ein brukt kamera med manuell innstilling, kan det vere at ein har fokusert gale. Eit vanleg problem er òg at bileta kan bli uskarpe sjølv når ein bruker eit kamera som fokuserer (stiller skarpt) automatisk. Forklaringa kan vere at ein fokuserer på feil del av motivet. Står det fleire ting eller personar bakover i biletet, må ein velje kva ein vil ha klart. Bevisst bruk av skarpe og uskarpe element i eit bilete kan vere eit spennande verkemiddel. Ein skarp figur mot ein uskarp bakgrunn kan framheve det fotografen ønskjer å fokusere på.

Frå Akantus. Kunst og handverk for ungdomstrinnet, Samlaget 2006