Ja eller nei til EU?

Arbeid i grupper på to. Ein av dykk skal finne ut kva argument EU-tilhengjarar bruker for at Noreg skal melde seg inn i EU, og den andre finn argument mot. Bruk nettsidene til Europabevegelsen http://www.europabevegelsen.no/ og Nei til EU http://neitileu.no/.

 

Samanlikn argumenta de har funne. Er det argument som motseier kvarandre? Kva kan eventuelt grunnen vere til det? Gi ei vurdering av argumentasjonen til dei to sidene. Synest de dei argumenterer godt? Kvifor/kvifor ikkje? Kva side argumenterer best for saka si?

 

Oppgåva dekkjer dette kompetansemålet frå Utforskaren:

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:

• finne og samanlikne informasjon som beskriv problemstillingar frå ulike synsvinklar, og vurdere formålet og relevansen til kjeldene