Norsk politikk i debattforum på nett

Arbeid i grupper. Finn fram til ei politisk sak de kunne tenkje dykk å arbeide med. De finn saker på debattforuma nedanfor.

 

http://www.nrk.no/ytring/ Nrk ytring

http://vgd.no/samfunn/ Vgs debattsider

 

  1. Studer innlegga i debatten. Finn fram til innlegg de meiner er gode og innlegg de meiner er dårlege. Diskuter kva kriterium de har for å seie at eit innlegg er godt.
  2. Lag dykkar eigen nettdebatt om ei politisk sak de vil diskutere. Inviter resten av klasse til å bidra. De kan bruke ulike verktøy til debatten, til dømes diskusjonsverktøyet på skulens læringsplattform, ei eksisterande debattside eller andre sosiale medium, som Twitter.

 

Oppgåva dekkjer dette kompetansemålet frå Utforskaren:

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:

• drøfte samfunnsfaglege tema i digitale diskusjonsfora og vurdere kvaliteten på eigne og andre sine innlegg