Politisk klassedebatt

Gå saman i grupper på ca 8. Alle på gruppa får tildelt eit politisk parti som han/ho skal representere. Partia er Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet, Venstre, Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti, Venstre, SV og Rødt. Alle set seg inn i kva deira parti meiner om sakene nedanfor. Dette arbeidet tek nok 1-2 timar.

 

Så skal gruppa gjennomføre ein politisk diskusjon om desse temaa. Det er viktig at du kjem med gode argument for ditt partis syn på saka, uavhengig av kva du sjølv meiner. Etter diskusjonen kan gruppene stemme over kven som argumenterte best for sitt syn.

 

Tema:

  • Skulepolitikk. Kva meiner partiet om karakterar i skulen, privatskular, skulemåltid, undervisning i nynorsk osv.
  • Kollektivtrafikk. Vil partiet bruke meir eller mindre pengar på kollektivtrafikk?
  • Samferdsel. Vil partiet satse på storbyområda eller distriktet, går det inn for offentleg eller privat vegutbygging, bompengar eller annan finansiering?
  • Helsepolitikk. Vil partiet ha eit stort offentleg helsevesen eller opne meir for private?

 

Oppgåva dekkjer dette kompetansemålet frå Utforskaren:

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:

• utforske aktuelle lokale, nasjonale eller globale problem og drøfte ulike løysingsforslag