Kriminalitetsstatistikk

Statistisk sentralbyrå har samla statistikk som viser straffereaksjonar i Noreg i 2011. Les artikkelen.

http://www.ssb.no/sosiale-forhold-og-kriminalitet/statistikker/straff

 

A. Bruk opplysningane du finn i statistikken og drøft følgjande påstand:

 

Det var færre brotsverk i Noreg i 2011 enn i åra før.

 

B. Du er journalist og skal lage eit oppslag på bakgrunn av statistikken fra SSB. Men bakgrunnen din påverkar kva du vil presentere:

 

A er oppteken av at kriminalitet er eit breiare samfunnsspørsmål og at fokus på straff og kriminalitetsauke er overdrive

B er oppteken av at politikarane gjer altfor lite for å avgrense kriminalitet

C er oppteken av narkotikakriminalitet

D er oppteken av seksualbrotsverk og anna valdskriminalitet

 

Korleis kan de bruke statistikken på ulik måte? Vurder artiklane til kvarandre, og kommenter om nokon har feiltolka eller misbrukt statistikken.

 

Oppgåva dekkjer dette kompetansemålet frå Utforskaren:

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:

• bruke samanfallande og motstridande informasjon frå statistikk til å drøfte ei samfunnsfagleg problemstilling