Kriminalitet

Gå saman i grupper på to. Vel ein type kriminalitet (til dømles smugling, svart arbeid, ulike former for nettkriminalitet, tjuveri osv). 

  1. Kor omfattande er denne typen kriminalitet i din kommune, i Noreg og internasjonalt? Undersøk ved å finne artiklar og statistikk, til dømes frå ssb.no.
  2. Finn fram til ulike synspunkt på kva ein bør gjere for å få denne typen kriminalitet ned og korleis lovbrytarane bør straffast. Her kan de finne ut kva ulike politiske parti meiner, finne innlegg i aviser og nettforum om saka.
  3. Kva ulike tiltak kan setjast inn for å løyse problemet? Kva for nokre vil de satse på? 

 

Oppgåva dekkjer dette kompetansemålet frå Utforskaren:

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:

• utforske aktuelle lokale, nasjonale eller globale problem og drøfte ulike løysingsforslag