Å skrive ei samfunnsfagleg oppgåve

Tema: Diskriminering, fordommar og rasisme

I læreplanens kompetansemål under Utforskaren står det at du skal

  • formulere ei aktuell samfunnsfagleg problemstilling og skrive drøftande tekst ved å bruke fagomgrep, variert kjeldetilfang og kjeldetilvisingar

Dette skal du gjere ut frå dette læreplanmålet under Kulturforståing:

  • Eleven skal drøfte årsaker til at fordommar, rasisme og diskriminering oppstår, og kva tiltak som kan motverke dette

 

1) Lag ei problemstilling om temaet fordommar, rasisme og diskriminering. Ei problemstilling er eit spørsmål du skal finne svar på. Døme på problemstillingar:

  • Korleis føregår mobbing på sosiale medium?
  • Finst det rasisme i Noreg i dag? Korleis viser den seg?
  • Er det nokre grupper som har vanskelegare for å få seg arbeid i Noreg enn andre?

 

2) Du skal også drøfte i oppgåva di, og du må ha ei problemstilling som seier at du skal drøfte eller diskutere noe. Her er eit døme:

  • Drøft kva ein kan gjere for å få slutt på diskriminering i arbeidslivet.

 

3) Når du har laga problemstillingar, må du finne fram til kjelder og bruke kunnskapen du finn der til å svare på problemstillingane dine. Oppgåva din skal formast som ein artikkel. Les her om korleis du skriv ei samfunnsfagleg oppgåve.