Å skrive ei samfunnsfagleg oppgåve

Tema: Velferdsstaten

I læreplanens kompetansemål under Utforskaren står det at du skal

  • formulere ei aktuell samfunnsfagleg problemstilling og skrive drøftande tekst ved å bruke fagomgrep, variert kjeldetilfang og kjeldetilvisingar

Dette skal du gjere ut frå dette læreplanmålet under Politikk og demokrati:

  • Eleven skal kunne diskutere hovudprinsippa for den norske velferdsstaten og dei utfordringane han står overfor

 

Her er forslag til problemstilling. Du kan bruke den, eller lage di eiga. Hugs at problemstillinga skal innehalde eit drøftingsspørsmål:

 

  • Forklar kva velferdsstaten er. Kom med døme på korleis din familie nyt godt av velferdsstaten. Diskuter utfordringar for velferdsstaten.

 

Oppgåva di skal formast som ein artikkel. Les her om korleis du skriv ei samfunnsfagleg oppgåve.