Konflikten mellom Israel og Palestina
Konflikten mellom Palestina og Israel har dominert verdsamfunnet i mange tiår. Konflikten, der to folk kjempar om det same landområdet, strekkjer seg tilbake til tida rundt første verdskrigen.
- Kva er bakgrunnen for konflikten? Kva landområde og grenser er mest i fokus i dag?
- Finn ut kva dei to partane meiner om konflikten og korleis han kan løysast.
- Kva kan du seie om kjeldene du har brukt i denne oppgåva? Er dei subjektive eller objektive? Kven har skrive kjeldene? Har forfattarane eigne interesser i konflikten? Korleis kjem dette fram i kjeldene?
Bakgrunnsstoff for konflikten:
http://www.globalis.no/Konflikter/Palestina
Også i norsk sanfunnsdebatt spelar konflikten ei viktig rolle, og det finst fleire organisasjonar som støttar dei ulike partane. Her er nettstader for tre norske solidaritetsorganisasjonar:
http://palestinakomiteen.no/
http://www.palestina.no/
http://www.miff.no/
Oppgåva dekkjer dette kompetansemålet frå Utforskaren:
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:
• finne og samanlikne informasjon som beskriv problemstillingar frå ulike synsvinklar, og vurdere formålet og relevansen til kjeldene