Kva tankar har elevane om arbeids- og næringslivet? (introduksjon til del 4)

Før ein begynner å arbeide med ein ny hovuddel i Streif, kan det vere interessant å sjå kva tankar elevane har om emnet for den aktuelle delen. Det kan også hjelpe læraren til å leggje opp undervisninga på rett nivå. Det er sjølvsagt ikkje forventa at elevane skal vite så mykje om eit emne før dei har begynt å arbeide med det i klassen, men ofte har dei fleire tankar om og betre kjennskap til eit emne enn dei trur. Del 4 (kapittel 11 og 12) handlar om arbeids- og næringslivet. Etter læreplanmåla har vi formulert nokre igangsetjingsspørsmål til elevane:

  • Kva vil du ta omsyn til når du skal velje utdanning eller yrke?
  • Kva vegar står opne i arbeidsmarknaden der du bur?
  • Kjenner du nokon i nærmiljøet ditt som har etablert si eiga bedrift og lykkast med det?
  • Kva eigenskapar trur du skal til for å etablere ei bedrift?

I kartlegginga av kva tankar elevane har om arbeids- og næringslivet, kan læraren ta utgangspunkt i desse spørsmåla frå Streif . Elevane kan for eksempel diskutere spørsmåla i fellesskap i klassen eller i grupper:

A) Klassediskusjon

Læraren ber elevane om å "tenkje høgt" og komme med assosiasjonar til kvart spørsmål. Det er viktig å poengtere at ein ikkje er ute etter ein fasit. Det viktigaste er å setje i gang tankeprosessane hos kvar enkelt elev. Læraren noterer stikkord som utgangspunkt for ein felles diskusjon i klassen.

Kanskje det kan vere interessant å stille dei same spørsmåla til elevane etter at dei har arbeidd med del 4? Er svara dei same no, eller har elevane endra oppfatningar om spørsmåla?

B) Gruppearbeid

Læraren deler klassen inn i grupper. Kvar gruppe tek for seg dei fire igangsetjingsspørsmåla til del 4 og noterer stikkord. Etterpå skal gruppene presentere stikkorda for resten av klassen.

Har gruppene dei same tankane om arbeids- og næringslivet, eller skil resultata seg sterkt frå kvarandre?

Til toppentiltoppen

Ein god jobbsøknad – kva er det? (kapittel 11)

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne bruke digitale verktøy til å hente informasjon om ulike yrker og diskutere moglegheiter og utfordringar på arbeidsmarknaden i dag

Fleire av elevane i klassen har sikkert erfaringar frå deltidsarbeid gjennom året eller feriejobbar. Likevel er det ikkje sikkert at så mange av dei har erfaring med å skrive jobbsøknad og lage CV.

Det er truleg fleire av elevane som ønskjer å begynne i arbeid med éin gong dei er ferdige med vidaregåande skole, eller som ønskjer å spare opp litt pengar før dei begynner å studere. Eller kanskje nokre av dei har tenkt å søkje på ein deltidsjobb eller ein sommarjobb i nærmaste framtid? Da kan det vere nyttig å ha litt trening i å skrive jobbsøknad og presentere ein skikkeleg CV, og å få gode råd om kva dei bør tenkje på viss dei blir kalla inn til eit jobbintervju.

Forslag til undervisningsopplegg:

Undervisningsopplegget kan begynne med ein felles diskusjon i klassen om kva element ein god jobbsøknad og ein CV bør innehalde, og korleis ein bør skrive ein jobbsøknad/CV. Deretter får elevane i oppdrag å velje ut ein stillingsannonse til ein jobb som dei skal skrive ein jobbsøknad og CV til. Her er det opp til elevane sjølve om dei vel ein annonse til ein utlyst jobb som er retta mot skoleungdommar, til ein potensiell "drømmejobb" i framtida, eller om dei vel ein heilt annan stillingsannonse. Det viktigaste i følgjande forslag til undervisningsopplegg er at elevane får eit meir bevisst forhold til kva ein god jobbsøknad/CV er, og at dei får trening i å skrive jobbsøknadar og CV'ar.

Under har vi samla fleire lenkjer med forslag til kvar elevane kan finne stillingsannonsar på nettet. Det kan også vere ein god idé å sjekke i papirutgåva av lokalavisa om dei har ei oversikt over utlyste stillingar der. Kanskje det er ein bestemt dag i veka som stillingsannonsar blir publiserte? Elevane kan eventuelt skrive ein open søknad til ein arbeidsplass der dei kunne tenkje seg å arbeide. Da vil nettstaden til denne arbeidsplassen vere ei nyttig kjelde for informasjon i utforminga av søknaden.

Etterpå kan læraren eventuelt be nokre av elevane om å presentere stillingsannonsen, jobbsøknaden og CV'en for resten av klassen. Inneheld søknaden og CV'en dei elementa som klassen blei einige om på førehand at ein god jobbsøknad/CV bør innehalde? Verkar søkjaren motivert for jobben? Kjem det fram om han eller ho som har søkt på jobben, har dei kvalifikasjonane som stillinga krev i følgje stillingsannonsen? Ville dei andre elevane i klassen ha innkalt denne søkjaren til intervju viss dei var arbeidsgivaren? Kvifor/kvifor ikkje?

Når ein søkjer på ein jobb, er det ikkje nok å skrive ein god jobbsøknad/CV. Viss ein blir kalla inn til eit jobbintervju, er det også viktig å gjere eit godt inntrykk i intervjusituasjonen. Derfor kan det vere ein god idé å avslutte undervisningsopplegget med å diskutere i fellesskap i klassen (eller i grupper) kva det er viktig å tenkje på når ein skal på eit jobbintervju. Alternativt kan læraren dele klassen inn i grupper og be dei om å lage eit rollespel om eit vellykka eller mislykka jobbintervju.

Nettstader:

Til toppentiltoppen

Intervjue ein arbeidslaus (kapittel 11)

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne gjere greie for årsaker til arbeidsløyse og drøfte måtar å redusere arbeidsløysa på og reflektere over verdien av å ha eit arbeid og kva som kjenneteiknar eit godt arbeidsmiljø og bruke digitale verktøy til å hente informasjon om ulike yrker og diskutere moglegheiter og utfordringar på arbeidsmarknaden i dag

"For dei fleste er arbeidet ein stor del av kvardagen, både når det gjeld tidsbruk og innhald. Først og fremst gir arbeidet faste inntekter. Det er også ein sosial arena, og dei fleste opplever det som ein viktig del av livet. Å miste jobben blir derfor av mange opplevd som ei stor krise. Arbeidsløyse er også eit samfunnsproblem, fordi arbeid er avgjerande for verdiskaping i landet. Det er derfor viktig for samfunnet å vite kva som skaper arbeidsløyse, og kva tiltak som kan setjast inn for å motverke at folk blir arbeidslause." ( Streif , s. 156)

Til toppentiltoppen

Ein dag i næringslivet (kapittel 11 og 12)

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne bruke digitale verktøy til å hente informasjon om ulike yrke og diskutere moglegheiter og utfordringar på arbeidsmarknaden i dag og vurdere utfordringar ved å etablere ei bedrift

Eleven Odd Einar vann prisen for beste seljar og beste leiar i Akershus-meisterskapen for ungdomsbedrifter. Premien han fekk, var ein dag med ein næringslivstopp og deltaking på ein konferanse for unge leiarar i Canada.

Forslag til undervisningsopplegg:

  • Be elevane om å førestelle seg at dei er Odd Einar, og skrive dagbok frå dagen med næringslivstoppen og konferansen i Canada.
  • I tillegg til dei personlege inntrykka bør dei også leggje vekt på kva nyttige erfaringar dei fekk som dei kan ta med seg vidare i yrkeslivet.

Til toppentiltoppen

Innovasjon og design (kapittel 12)

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne vurdere utfordringar ved å etablere ei bedrift og bruke digitale verktøy til å hente informasjon om ulike yrker og diskutere moglegheiter og utfordringar på arbeidsmarknaden i dag

Ei undersøking blant 100 leiarar av store norske bedrifter, viser at heile 87 prosent av dei meiner at design er viktig for næringslivet i Noreg. I undersøkinga, som er gjennomført av Medialect på vegner av Norsk Designråd, svarer 77 prosent at design er viktig også for deira bedrift. 



Norsk Designråd arrangerer kvart år konkurransen "Unge Talenter". Konkurransen rettar seg mot studentar ved norske og utanlandske designhøgskolar, uansett designprofesjon. 




Forslag til undervisningsopplegg: 



Arrangere konkurransen "Unge Talentar" i klassen! 




Før elevane set i gang med undervisningsopplegget, kan dei diskutere i fellesskap i klassen kva betydning design har for bedrifter. På denne måten vil elevane også setje i gang tankeprosessar om emnet, som dei kan ta med seg i det vidare arbeidet med prosjektet. 



Spørsmål til diskusjon i klassen:

  • Kva effekt vil god design kunne ha for bedrifter som tilbyr produkt og tenester?

Heimearbeid:

  • Be elevane finne eksempel på norske bedrifter som har lykkast med god design? Kva ligg bak suksessen til desse bedriftene?

Elevane går deretter saman i grupper. Kvar gruppe får i oppdrag å utvikle ein idé til eit produkt som dei kan delta med i konkurransen i klassen. Her er det viktig at elevane bruker mest mogleg kreativitet. Gruppene bør derfor stå svært fritt når det gjeld val av idé til produkt som dei vil utvikle, og på kva måte dei vil presentere resultatet for klassen. Gruppene bør likevel ha dei 7 prinsippa for universell utforming, som er utvikla av ei gruppe amerikanske ekspertar på området, i tankane når dei utviklar ideen:

  • Enkel og intuitiv i bruk
  • Forståeleg informasjon
  • Toleranse for feil
  • Like moglegheiter for alle
  • Fleksibel i bruk
  • Lite fysisk strev
  • Storleik og plass for tilgang og bruk

Dei nemnde prinsippa kan også vere utgangspunktet for evalueringa av dei ulike ideane.

Dersom elevane ikkje blir einige om kva gruppe som har utvikla den beste ideen, kan læraren ta avgjerda om kven som er vinnaren av konkurransen "Unge Talentar" i klassen. 


Nettstader: 



Til toppentiltoppen

Forretningsidé og forretningsplan for Kafé Julie (kapittel 12)

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne bruke digitale verktøy til å hente informasjon om ulike yrke og diskutere moglegheiter og utfordringar på arbeidsmarknaden i dag og vurdere utfordringar ved å etablere ei bedrift

Når ein skal starte ei bedrift, er det viktig å ha ein klar forretningsidé og ein forretningsplan. I dette forslaget til undervisningsopplegg skal elevane arbeide i grupper og lage ein forretningsidé og forretningsplan for kafeen Julie. Da er det viktig at alle kjenner godt til dei to omgrepa og veit kva dei inneberer.

A) Spørsmål til diskusjon i klassen:

  • Kva er hovudmålet med ein forretningsidé?
  • Kva er hovudmålet med ein forretningsplan?
  • Kva skal ein forretningsidé gi svar på når det gjeld marknaden?
  • Kva skal ein forretningsplan gi svar på når det gjeld menneske og organisering?
  • Kva skal forretningsplanen gi svar på innanfor området økonomi?

Oppgåve: Vurderforretningsplanen til ungdomsbedrifta Listen Up UB ut frå det de no veit om krav til innhaldet i ein forretningsplan (individuelt eller i fellesskap i klassen).

Tips: Sjå også side 166-167 i Streif for informasjon om forretningsidé og forretningsplan.

B) Kafé Julie (gruppearbeid)

Kafédrift er blitt meir og meir populært, særleg i dei største byane i Noreg. Julie har studert reiseliv og administrasjon ved eit universitet i Frankrike, og etter å ha komme tilbake til Noreg ønskjer ho å starte ein kafé på heimstaden sin.

Etter å ha innhenta informasjon i marknaden meiner ho at ungdommen på heimstaden har behov for ein kafé. Emilie vil sjølv vere dagleg leiar for kafeen. Ho har ein kjenning som er utdanna kokk, og som for tida er på jakt etter jobb. Dessutan vil ho ta kontakt med ein person som har erfaring som medarbeidar på ein restaurant. Ho har allereie funne eit eigna lokale sentralt ved eit kjøpesenter. Ho har også teke kontakt med ein bank som har vist interesse for ideen hennar.

  • Formuler ein forretningsidé for Kafé Julie.
  • Set opp ein enkel forretningsplan for Kafé Julie.

Til toppentiltoppen

Resultatbudsjett (kapittel 12)

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne trekkje ut hovudlinene i resultat- og balanserekneskapen til bedrifter med manuelle og digitale verktøy

Ungdomsbedrifta Baggy UB, som består av Mathias, Christian, Kristine og Marianne, har utvikla ein sportsbag for ungdom og vaksne. Bagane blir produserte i Aust-Europa, og bedrifta ventar å selje 500 bagar for 450 kroner per eining i 2011. I 2010 hadde bedrifta eit sal på 350 bagar til ein pris av 400 kroner per eining.

Elevane har ein avtale med ei bedrift om produksjon i Estland. Kostnadene til lønn var 120 kroner per eining i 2010. I tillegg kom materialkostnader på 60 kroner per eining. For 2011 aukar lønnskostnadene til 140 kroner, og materialkostnadene aukar med 25 %.

Bedrifta har heimekontor hos Christian og betaler ikkje husleige. Frå 1.1.2011 har dei avtale om å leige eit lite kontor i nærleiken av der dei bur. Leigekostnadene utgjer 24 000 kroner per år. Dei tok ut 3000 kroner kvar i lønn i 2010. I 2011 vil dei rekne seg ei lønn på 4000 kroner kvar.

Reklamebudsjettet var på 10 000 kroner i 2010, og dei aukar budsjettet for 2011 med 50 %. Transportkostnader og forsikring som Baggy UB dekkjer, utgjorde 40 kroner per eining i 2010, og bedrifta reknar med ein auke på 25 % i 2011. Rekneskapen fører elevane sjølve, men dei bruker ein autorisert rekneskapsførar til konsulenthjelp. Kostnadene for rekneskapsføraren var på 8000 kroner i 2010. For 2011 ventar bedrifta at kostnadene aukar med 2000 kroner. Bedrifta har ikkje gjeld, og dermed kjem det ingen rentekostnader for 2010 eller 2011. Diverse kostnader utgjorde 5000 kroner i 2010. For 2011 budsjetterer bedrifta med 8000 kroner for diverse kostnader.

  1. Set opp eit resultat for bedrifta for 2010 der de bruker modellen resultatbudsjett i ressursfeltet nedst på sida. Bruk informasjonen over til å rekne ut verkeleg resultat for 2010.
  2. Gjer endringar i inndata (forventa auke i inntekter og kostnader) og rekn ut budsjettert/forventa resultat for 2011. Kommenter resultatet.

Til toppentiltoppen

Ekstra undervisningsopplegg til kapittel 11

Kva skal eg bli? (kapittel 11)

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne bruke digitale verktøy til å hente informasjon om ulike yrke og diskutere moglegheiter og utfordringar på arbeidsmarknaden i dag

Forslag til undervisningsopplegg (individuell oppgåve):

Det er mange yrke å velje mellom, og det kan vere vanskeleg å gjere eit val. Derfor kan det vere lurt å finne ut mest mogleg om ulike yrke.

Be elevane velje eitt yrke og finne ut mest mogleg om det yrket. Elevane må finne ut kva utdanning som blir kravd, og kva som skal til for å komme inn på studiet. Kva går arbeidet ut på? Kva kan dei tene? Korleis er arbeidsmarknaden? Er det enkelt å få seg jobb, eller er det mange arbeidslause med den aktuelle yrkesutdanninga?

Elevane kan gjerne lage ein presentasjon for klassen om det yrket dei har valt.

Nettstader:

  • www.utdanning.no Nettstaden utdanning.no er ein nasjonal fellesportal for utdanning, karriere og læring, ått av Kunnskapsdepartementet
  • www.ssb.no Nettstaden til Statistisk sentralbyrå

Partane i arbeidslivet (kapittel 11)

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne gjere greie for organisasjonane sin plass i det norske arbeidslivet og for faktorar som bestemmer lønn og arbeidsvilkår

Forslag til undervisningsopplegg:

Arbeidslivet består av to partar - arbeidsgivarane og arbeidstakarane. Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) er hovudorganisasjonen for bedriftene og bedriftseigarane, mens Landsorganisasjonen (LO) er hovudorganisasjonen til arbeidstakarane.

Del elevane inn i grupper og be dei lage ein munnleg presentasjon av anten

1. NHO - Kva organisasjonen er, kven han representerer, korleis han er organisert og finansiert, og kva for oppgåver han har.-
Kva organisasjonen er, kven han representerer, korleis han er organisert og finansiert, og kva for oppgåver han har.

eller

2. LO - Kva organisasjonen er, kven han representerer, korleis han er organisert og finansiert, og kva for oppgåver han har.- Kva
organisasjonen er, kven han representerer, korleis han er organisert og finansiert, og kva for oppgåver han har.

Nettstader:

Til toppentiltoppen