Kva tankar har elevane om individ og samfunn? (introduksjon til del 1)

Før ein begynner å arbeide med ein ny hovuddel i Streif, kan det vere interessant å sjå kva tankar elevane har om emnet for den aktuelle delen. Det kan også hjelpe læraren til å leggje opp undervisninga på rett nivå. Det er sjølvsagt ikkje forventa at elevane skal vite så mykje om eit emne før dei har begynt å arbeide med det i klassen, men ofte har dei fleire tankar og meiningar om eit emne enn dei trur.

Del 1 (kapittel 1, 2, 3 og 4) handlar om individ og samfunn. Etter læreplanmåla har vi formulert nokre igangsetjingsspørsmål til elevane:

  • Kven er du?
  • Korleis har du blitt den du er?
  • Kvifor trur du mange vel å gifte seg?
  • Kvifor trur du mange ektepar vel å gå frå kvarandre igjen?
  • Kor mykje tente du i fjor, og kva brukte du pengane på?
  • Kva for eit ansvar har du som forbrukar?
  • Kva slags lovbrot tenkjer du på når du hører ordet kriminalitet?
  • Kva straffereaksjonar kjenner du til?

I kartlegginga av kva tankar elevane har om individ og samfunn, kan læraren ta utgangspunkt i desse spørsmåla frå Streif. Elevane kan for eksempel diskutere spørsmåla i fellesskap i klassen eller i grupper:

A) Klassediskusjon

Læraren ber elevane om å "tenkje høgt" og komme med assosiasjonar til kvart spørsmål. Det er viktig å poengtere at ein ikkje er ute etter ein fasit. Det viktigaste er å setje i gang tankeprosessane hos kvar enkelt elev. Læraren noterer stikkord som utgangspunkt for ein felles diskusjon i klassen.

Kanskje det kan vere interessant å stille dei same spørsmåla til elevane etter at dei har arbeidd med del 1? Er svara dei same no, eller har elevane endra oppfatningar om spørsmåla?

B) Gruppearbeid

Læraren deler klassen inn i grupper. Kvar gruppe tek for seg dei åtte igangsetjingsspørsmåla til del 1 og noterer stikkord. Etterpå skal gruppene presentere stikkorda for resten av klassen.

Har gruppene dei same tankane om individ og samfunn, eller skil resultata seg sterkt frå kvarandre?

Til toppentiltoppen

Rollekonflikt - eit rollespel (kapittel 1)

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne definere sentrale omgrep knytte til sosialisering og bruke dei til å undersøkje trekk ved sosialiseringa av ungdom i Noreg.

I kapittel 1 i Streif er rollekonflikt eit sentralt omgrep. Alle elevane har nok opplevd ein rollekonflikt éin eller fleire gonger, anten bevisst eller ubevisst. Det kan for eksempel ha skjedd i rolla som son eller dotter, som bror eller syster, som venn eller venninne, som klassekamerat eller klassevenninne, som skoleelev, som deltakar på eit idrettslag eller som arbeidstakar. Derfor skulle det heller ikkje vere vanskeleg for elevane å setje seg inn i emnet roller og rollekonflikt.

Rollekonflikt kan bli definert som: "når alle har ulike forventningar til deg fordi du har ulike roller i høve til dei" (Streif, s. 13).

Forslag til undervisningsopplegg:

Læraren deler elevane inn i grupper. Kvar gruppe får i oppdrag å lage eit rollespel med rollekonflikt som emne. Gruppa vel ut éin person som er utsett for minst to ulike forventningar ut frå ulike roller. Etterpå framfører gruppene rollespelet for klassen.

Spørsmål til eventuell diskusjon etter framføringa:

  • Kva gjekk rollekonflikten/-e ut på?
  • Kva ulike roller hadde han eller ho som blei utsett for rollekonflikten, i høve til dei andre personane i gruppa?
  • Korleis opplevde "hovudpersonen" konfliktsituasjonen?
  • Fann dei som var innblanda i konflikten, ei løysing på situasjonen? Kva synest elevane i så fall om denne løysinga? Kunne konflikten ha vore løyst på ein annan måte?
  • Kunne han eller ho som opplevde rollekonflikten, ha unngått å komme i denne situasjonen? I så fall, korleis?
  • Har nokon i klassen opplevd ein liknande rollekonflikt? Fortel om opplevinga!

 

Til toppentiltoppen

Ulike måtar å leve på – fordelar og ulemper (kapittel 2)

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:
  • gjere greie for endringar i familie- og samlivsformer,
  • gjere greie for økonomiske og juridiske sider ved å gå inn i eit samliv og diskutere følgjer av samlivsbrot.

Kapittel 2 i Streif handlar om ulike måtar å leve på. Eksempel på dette er:

  • Ekteskap mellom to personar av ulikt eller same kjønn,
  • sambuarskap mellom to personar av ulikt eller same kjønn,
  • ekteskap eller sambuarskap med eller utan barn,
  • kjernefamilie eller storfamilie,
  • eineforsørgjar,
  • å bu aleine.

Forslag til undervisningsopplegg:

Læraren samlar forslag til ulike måtar å leve på frå elevane. Dette kan vere eit godt utgangspunkt for ein styrt klassediskusjon om fordelar og ulemper ved dei ulike måtane å leve på.

Til toppentiltoppen

Set opp eit månadsbudsjett (kapittel 3)

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne definere sentrale omgrep knytte til sosialisering og bruke dei til å undersøkje trekk ved sosialiseringa av ungdom i Noreg.

I kapittel 1 i Streif er rollekonflikt eit sentralt omgrep. Alle elevane har nok opplevd ein rollekonflikt éin eller fleire gonger, anten bevisst eller ubevisst. Det kan for eksempel ha skjedd i rolla som son eller dotter, som bror eller syster, som venn eller venninne, som klassekamerat eller klassevenninne, som skoleelev, som deltakar på eit idrettslag eller som arbeidstakar. Derfor skulle det heller ikkje vere vanskeleg for elevane å setje seg inn i emnet roller og rollekonflikt.

Rollekonflikt kan bli definert som: "når alle har ulike forventningar til deg fordi du har ulike roller i høve til dei" (Streif, s. 13).

Forslag til undervisningsopplegg:

Læraren deler elevane inn i grupper. Kvar gruppe får i oppdrag å lage eit rollespel med rollekonflikt som emne. Gruppa vel ut éin person som er utsett for minst to ulike forventningar ut frå ulike roller. Etterpå framfører gruppene rollespelet for klassen.

Spørsmål til eventuell diskusjon etter framføringa:

  • Kva gjekk rollekonflikten/-e ut på?
  • Kva ulike roller hadde han eller ho som blei utsett for rollekonflikten, i høve til dei andre personane i gruppa?
  • Korleis opplevde "hovudpersonen" konfliktsituasjonen?
  • Fann dei som var innblanda i konflikten, ei løysing på situasjonen? Kva synest elevane i så fall om denne løysinga? Kunne konflikten ha vore løyst på ein annan måte?
  • Kunne han eller ho som opplevde rollekonflikten, ha unngått å komme i denne situasjonen? I så fall, korleis?
  • Har nokon i klassen opplevd ein liknande rollekonflikt? Fortel om opplevinga!

 

Til toppentiltoppen

Rollespel: Kva rettar har du ved kjøp av ei vare? (kapittel 3)

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne drøfte rettane ein har som forbrukar og diskutere forbrukaren sitt etiske ansvar.

Forslag til undervisningsopplegg:

Elevane går saman i grupper på to og to og førebur eit rollespel der ein konflikt har oppstått mellom ein ekspeditør og ein kunde som har kjøpt ei vare i ein butikk. Elevane vel sjølve kva type butikk, kva vare og kva problem konflikten gjeld, som for eksempel ein konflikt knytt til reklamasjon eller byte av ei vare.

 

I førebuinga til rollespelet er det viktig at elevane set seg inn i kva rettar ein har som forbrukar og kva dei aktuelle lovene seier. Kva reglar gjeld? Kven har rett – kunden eller ekspeditøren? Korleis løyser dei konflikten?

Aktuelle nettstader:
Nettstaden til Forbrukarrådet
Forbrukarrådets klageguide
Forbrukarkjøpslova
Angrerettlova
Kjøpslova

 

Til toppentiltoppen

Inkassosaker: dårlege betalarar eller offer? (kapittel 3)

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne drøfte rettane ein har som forbrukar og diskutere forbrukaren sitt etiske ansvar.  

Forslag til undervisningsopplegg:

I dette forslaget til undervisningsopplegg kan elevane anten arbeide individuelt eller i små grupper.

  1. Samanlikn utgangspunktet til VG og Lånekassen med artikkelen frå NA24 og ein artikkel du sjølv vel frå artikkelsamlinga til Gjeldsofferalliansen. Korleis forheld dei ulike tekstane seg til inkassosaker og forbrukarar som er ramma av inkasso? 
  2. Skriv eit brev til eit gjeldsoffer med gode råd om korleis situasjonen kan betrast. Kom med forslag til ein tiltaksplan med utgangspunkt i informasjonen frå lenkjene under.

Diskuter etterpå i fellesskap i klassen:
"Inkassosaker: dårlege betalarar eller offer?"

Nettstader:
Artikkel frå Din Penger med råd i inkassosaker
Lånekassen om inkasso
Artiklar frå Gjeldsofferalliansen (GOA)
"333 000 Nordmenn svartelistet". Artikkel frå NA24

Til toppentiltoppen

Lovbrot - studer og tolk ein tabell (kapittel 4)

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne bruke digitale verktøy til å finne informasjon om omfanget av kriminalitet i Noreg, grunngje kvifor samfunnet straffar og vurdere korleis kriminalitet kan føreby

ggjast.Tabell

Forslag til undervisningsopplegg:

Læraren deler elevane inn i grupper, og gir kvar gruppe ein kopi av tabellen under. Gruppene arbeider så med følgjande spørsmål:

  • Bruk tid på å setje dykk inn i tabellen. Kva er einingar, variablar og verdiar her?
  • Kva informasjon gir tabellen oss? Beskriv nokre tendensar.
  • Kva kan denne tabellen brukast til? Kven er han viktig for?
  • Vel ut tre typar lovbrot. Presenter dei i eit diagram ut frå einingar, variablar og verdiar. Samanlikn og kommenter dei tre kategoriane av lovbrot. Er det store forskjellar når det gjeld kva slags lovbrot nordmenn og ikkje-vestlege innvandrarar er offer for? Kvifor/kvifor ikkje?

Presenter resultata for klassen.

Påstand til eventuell diskusjon i klassen til slutt: «Ikkje-vestlege innvandrarar lever farlegare enn nordmenn.»

      

Til toppentiltoppen

Ungdomskriminalitet (kapittel 4)

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne bruke digitale verktøy til å finne informasjon om omfanget av kriminalitet i Noreg, grunngje kvifor samfunnet straffar og vurdere korleis kriminalitet kan førebyggjast.

Forslag til undervisningsopplegg:

Temaet for dette undervisningsopplegget er ungdomskriminalitet. Elevane kan bruke nettstadene under (eller andre relevante nettstader eller fagressursar) til å lage eit foredrag om ungdomskriminalitet i Noreg i dag. Moglege problemstillingar kan vere:

  • Kva er definisjonen på ungdomskriminalitet?
  • Kor omfattande er ungdomskriminaliteten?
  • Kven er dei unge lovbrytarane (kven er "den typiske ungdomskriminelle")?
  • Kva lovbrot gjer barn og unge seg skuldige i?
  • Kvifor gjer barn og unge seg skuldige i lovbrot?
  • Er det store skilnader i ungdomskriminaliteten i storbyar og på mindre stader?
  • Førebygging av ungdomskriminalitet
  • Reaksjonar på ungdomskriminalitet
  • Utviklinga i ungdomskriminaliteten
Nettstader:

Informasjon om kriminalitet blant barn og unge Frå politiet.

Regjeringas "Krafttak mot barne- og ungdomskriminalitet" (2005).

Kriminalomsorgen: Barn og straff (inkl. ungdom)

Kriminalstatistikk frå SSB

"Barne- og ungdomskriminaliteten i Oslo 2010". Ein trendrapport laga av Oslo politidistrikt og Oslo kommune, publisert 18. mai 2010.
"Slik er ungdommen som er krimgjengangere". Artikkel frå Dagbladet, 9. mai 2010.
"Jentegjeng skaper frykt". Artikkel frå NRKs nyheitssider, 1. september 2010.

Til toppentiltoppen

Ekstra rekneoppgåver til kapittel 3

  1. Klassen skal på fjelltur med overnatting, og dei leiger ein buss som kostar 5000 kroner. Overnattinga kostar 265 kroner per elev. Det er 27 elevar i klassen, og dei skal ha 3 overnattingar på turen. Dei må rekne med mat for 150 kroner per dag. Til saman har klassen spart 10 000 kroner til turen. Resten skal betalast i eigendelar. Kor mykje må kvar elev betale for denne turen?
  2. Zuhal skal på ferie til Kypros i haustferien. Ho har funne ein billeg chartertur der flytur og hotellopphald kostar 3000 kroner for ei veke. Til feriebudsjettet reknar ho 1000 kroner i lommepengar. Ho betaler for ferien sjølv med lønna ho tener på restauranten der ho jobbar som kelner. I restaurantjobben tener ho 207 kroner timen, og får gjennomsnittleg 100 kroner i tips per vakt (ei vakt varer 4 timar). Ho blir trekt 20 % i skatt, men det ho får i tips, er skattefritt. Kor mange vakter må ho jobbe for å betale ferieturen sin?
  3. Amir har starta ein vervekampanje for lokallaget i SOS rasisme. Medlemskontingenten er på 120 kroner. Lokallaget hadde eit samla budsjett på 20 040 kroner, og etter vervekampanjen har summen stige til 36 000 kroner. Kor mange nye medlemmer blei verva under kampanjen?
  4. Finn ein annonse på ei leilegheit eller eit hus til sals i næmiljøet ditt (i lokalavisa eller på nettsida til ein eigedomsmeklar). Bruk lånekalkulatoren på nettstaden laanekalkulator.no for å rekne ut kva lånet kostar med 20 års nedbetalingstid, per månad og totalt, viss du skal kjøpe denne bustaden (du låner heile kjøpesummen). Kor mykje må du tene per månad viss du skal bruke inntil 30% av lønna til nedbetaling av gjeld?
  5. Lag di eiga rekneoppgåve for ein person der du bestemmer kor mange timar han eller ho arbeider, kva timeløna er og eventuelt overtidsarbeid/ferie. Lag ein fasit og be ein medelev løyse oppgåva.

Til toppentiltoppen

Å tolke bilete

I ei avis eller i eit tidsskrift tek fotografen og redaksjonen mange val før dei aktuelle bileta blir plukka ut og publiserte. Ved å sjå bilete i ein større samanheng kan ein trene seg opp til å forstå kva redaksjonelle bilete fortel om ei hending eller ein person. Dokumentet "Biletanalyse" av Paul S. Amundsen er ei innføring i analyse av bilete, og inneheld mange eksempel på biletanalyse og gode idear til oppgåver.

Kapittel 2: Forslag til tolking av biletet på side 22-23 i Streif

På den bilfrie øya Givær av Knut Egil Wang

Bilettekst: På den bilfrie øya Givær
Kreditering: Knut Egil Wang

Oppgåve 6 i boka:

Korleis har fotografen bak biletet framstilt det å gifte seg? Grunngi svaret ut frå komposisjonen i biletet.

Kva ser vi?

I framgrunnen: Eit nygift par. Brura dreg blikkboksar festa med eit tau. Dei kjem ein stad frå og skal ein stad til. Blikka er festa framover. Kva ser dei der framme?

I bakgrunnen: Ei rad like, tomme hus, eit norsk flagg. Bak husa er det ikkje noko – havet? Himmelen? Eller?

Fokus: Brureparet midt i biletet, ved eit vegkryss med tre val, og brureparet vel den eine. Husa som er målet for vandringa deira.

Kva vil fotografen fortelje oss med dette biletet?

Er dette ein tilfeldig setting, noko fotografen fanga opp ein dag på den bilfrie øya, eller er biletet arrangert? Dersom biletet er arrangert, vil fotografen noko meir enn å lage eit blinkskot. Vi spør også kvifor fotografen har valt å ta biletet i svart-kvitt. Understrekar det det golde og sterile som ligg i biletet?

Er det tilfeldig at landskapet er goldt, at husa er strenge og tomme? Er det tilfeldig at landskapet er goldt, og at det verkar som om desse husa er ved verdsens ende: hit og ikkje lenger? At du har komme fram, og her skal du bli?

Er det så vanskelege kår eit ekteskap har? Korleis kan ein byggje og utvikle eit samliv og ein familie under så strenge rammer?

Til toppentiltoppen