val

Bør 16-åringar få røysterett?

Fleire norske kommunar er med på eit prøveprosjekt der 16-åringar får røysterett ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2011. I filmen frå Ålesund kommune kan du høyre kvifor nokre elevar ved Akademiet vidaregåande skule vil røyste ved valet.

  1. Kva politiske saker er viktige for deg?
  2. Er kommunen din med på prøveprosjektet?
  3. Dersom du kunne røyste ved valet, ville du ha brukt røysteretten din?
  4. Synest du at 16-åringar bør få røysterett?