Unge ranarar - kva gjekk gale?

- Det er flaut og skamfullt at sønene mine har vore involvert i kriminalitet, seier far til to tiltalte.

Ei rekkje ungdommar står tiltalt etter den såkalla «barneransbølgja» i Oslo i haust. I artikkelen fortel ein far om korleis han opplever at sønene er tiltalt.

  1. Faren meiner at skulen og politiet ikkje gav han høve til å få sonen på rett kjøl. Kan han ha rett i denne skildringa?
  2. Han seier også at han synest det er gale at han ikkje kan straffe barna med ein øyrefik. Trur du dette er viktig for å gi barn ei god oppseding?
  3. Kva kan vere årsaka til at unge ranar andre unge eller til og med barn? Kan ein tenkje seg andre tiltak mot dette fenomenet enn auka innsats frå politiet?




 

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:

    • bruke digitale verktøy til å finne informasjon om omfanget av kriminalitet i Noreg, grunngje kvifor samfunnet straffar og gjere greie for korleis kriminalitet kan førebyggjast