Foto: Vasilij Fedosenko

Ny framtid for Ukraina?

Den langvarige og valdelege konflikten i Ukraina enda med at president Janukovitsj måtte flykte og at parlamentet tok tilbake makta i landet.

Det opna også for et comback for tidlegare statsminister Julia Timosjenko, som sat i politisk arrest.

  1. Kva politisk sak utløyste demonstrasjonane i Kiev? (stikkord: EU)
  2. Kva slags forhold har Ukraina til Russland, historisk sett? Kvifor er landet langt på veg avhengig av Russland?
  3. Kvifor er EU-tilknyting ein trussel for Russland?
  4. Og kva interesser kan evt. EU (og USA) ha i Ukraina?
  5. Vi tenkjer gjerne på demonstrasjonar som «folkets røyst» og knyter det til fridom og demokrati. Men kven er «folket» i Ukraina, og kva slags grupperingar var aktive i demonstrasjonen? Kva utfordringar står Timosjenko - dersom ho blir vald -  og ei ny regjering overfor?



 

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • bruke digitale verktøy til å finne døme på ulike typar konfliktar i verda og presentere ein aktuell internasjonal konflikt og forslag til å løyse konflikten
  • definere omgrepet makt og gje døme på korleis makt blir brukt i verdssamfunnet

Nettstad:

  • "Ukraina", leiar frå Klassekampen 22. februar 2014