Frå opptøyar i Athen på bakgrunn av den økonomiske situasjonen i landet

Filippo Monteforte/AFP Photo/Scanpix

Ein tapt generasjon?

Mange land i Europa er i ein vanskeleg økonomisk situasjon for tida. Dette rammar også dei unge hardt, som slit med å komme inn på arbeidsmarknaden og fryktar for framtida.

  1. I filmklippet frå NRK og i artiklane under snakkar dei om “den tapte generasjonen”. Kven er denne gruppa, og kva ligg bak dette uttrykket?
  2. Kva for konsekvensar kan den vanskelege økonomiske situasjonen få for ”den tapte generasjonen” i framtida?
  3. Kva meiner du at at ein kan gjere med denne situasjonen?
  4. Korleis ser du på framtida di?

 

 

 

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • bruke digitale verktøy til å hente informasjon om ulike yrke og diskutere moglegheiter og utfordringar på arbeidsmarknaden i dag
  • reflektere over verdien av å ha eit arbeid og kva som kjenneteiknar eit godt arbeidsmiljø
  • gjere greie for årsaker til arbeidsløyse og drøfte måtar å redusere arbeidsløysa på

Nettstader: