Mahmoud Zayyat/AFP photo/Scanpix

Konflikten i Syria

Protestane i Syria byrja i mars 2011. Som i andre arabiske land var det eit folkeleg opprør der folk samla seg i gatene og kravde reformer. Regimet svarte med militærmakt, og hittil er over 5400 drepne, ifølgje overslag frå FN. Både Vesten og arabarstatane har fordømt valdsbruken til styresmaktene og prøvd å mekle, men utan resultat. Samstundes har òg opposisjonen væpna seg og danna hærliknande styrkar. Situasjonen er no fastlåst, og minner meir og meir om ein borgarkrig.

  1. Kva er dei største folkegruppene eller religiøse gruppene i Syria? Kva for ei gruppe kjem presidenten frå, og kva slags makt har han og familien hans?
  2. Kvifor er folk misnøgde? Kva krev opposisjonen?
  3. Kva har andre land gjort for å prøve å løyse konflikten? Kvifor er det usemje i FN om tiltaka?
  4. Kvifor trur du Vesten rykka inn i for eksempel Libya, men ikkje i Syria?

 

 

 

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • bruke digitale verktøy til å finne døme på ulike typar konfliktar i verda og presentere ein aktuell internasjonal konflikt og forslag til å løyse konflikten
  • gjere greie for FNs arbeid med fred og menneskerettar og forklare FNs rolle i det internasjonale arbeidet for urfolk
  • definere omgrepet makt og gje døme på korleis makt blir brukt i verdssamfunnet

Nettstader: