Sjukemelding for lett i Noreg?

Noreg har høgt sjukefråvær samanlikna med andre land, noko som bekymrar forskarar og politikarar.

Kva med «omvende sjukepengar» – ikkje mindre utbetaling når du er sjuk, men bonus for å ikkje vere sjuk? Det har ein bedriftseigar prøvd ut, visstnok med godt hell.

Studer artikkelen og statistikken.

  1. Kva kan vere årsaka til at Noreg har høgare ssjukefråvær enn andre land, m.a. dobbelt så høgt som Sverige?
  2. Kva trur du om forsøket til Brandsdal om bonus for å kome på jobb? Vil det bryte med prinsippet om solidaritet og like rettar som ligg til grunn for Folketrygda?
  3. Kva andre tiltak kan vere viktige?
  4. Statistikken viser at rundt 10 prosent av befolkninga i arbeidsfør alder mottar uføretrygd. Kva utfordringar skaper slike utgifter for velferdsstaten framover?



Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:

  • forklare kva som ligg til grunn for velferdsstaten og vurdere utfordringar som velferdsstaten står overfor

Lenkjer