Foto: Marissa Orton

Sweatshop - moteindustriens slavar

Aftenposten har i serien "Sweatshop" sett søkjelyset på tekstilindustrien i u-land. Dei sende tre norske ungdommar til Kambodsja og let dei føle forholda på kroppen.

Sjå filmen, eller les ein av artiklane.

  1. Korleis kan vi som forbukarar påverka desse forholda? Har vi noko ansvar, eller er det først og fremst klesbransjen og myndigheitene som må gjere noko?
  2. Diskuter desse motsette syna:

  • «Kapitalismen og globaliseringa har ansvaret for denne urettvisa. Vårt enorme behov for billig mote gjer konkurransen knallhard og held lønningane nede.»
  • «Kapitalismen og globaliseringa er til gode for u-land. Det gjer at folk får arbeid, og slepp å vere tiggarar eller prostituerte.»

   – kva er du mest einig i, og kvifor?

   3. Filmen spelar mykje på kjensler. Verkar det sterkare enn fakta? Grunngi svaret.



Fakta: Norsk klesimport

  • På midten av 70-talet importerte Noreg klede for to milliardar kroner.
  • På 90-talet blei importkvotar avvikla og tollsatsar nedbygde.
  • Etter dette auka importen frå utviklingsland svært mykje.
  • Prisane på klede har gått sammenhengande nedover sidan 1995 og ligg no på same nivå som på 80-talet.
  • I fjor importerte Noreg klede for 16,5 milliardar kroner.


Kilde: Virke



Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:

  • drøtte rettar ein har som forbrukar og diskutere forbrukarens etiske ansvar
  • forklare omgrepet globalisering og vurdere ulike konsekvensar av globalisering
  • ... drøfte tiltak for å reduserer fattigdommen i verda

Film:

"Sweatshop", episode 5, Aftenposten.no 24. april 2014


Artiklar: