Ikkje i Noreg?

Sverige har dei siste dagane vore heimsøkt av opptøyar i Stockholms-forstaden Husby og fleire andre forstader.

Bilar blir stukke i brann, og det er stadige samanstøytar mellom politiet og steinkastande ungdommar. Som utløysande faktor blir nemnt at ein 69-åring blei drepen i ein politiaksjon i bydelen nokre dagar tidlegare.

Les artikkelen frå Nrk.no.

  • Kva blir nemnt som årsaker til opptøyane i Sverige?
  • Kvifor trur ikkje forskarane at liknande opptøyar vil skje i Noreg?
  • Kva ligg i omgrepet ghettofisering, og kva politiske problem trekk Rami al-Khamisi frå ungdomsorganisasjonen Megafonen fram?

Diskuter i klassen:

  • Rasisme og sosiale problem blir nemnt som forklaring på uroa. Er det fruktbart, eller gjer det innvandrarane til offer?
  • Andre - som statstminister Fredrik Reinfeldt - meiner at det er eit fåtalls bråkmakarar som står bak, og at det er politiet som må løyse konflikten. Kva kan vere utfordringane med eit slikt syn?

 

 Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:

  • beskrive hovudtrekk ved kulturen til nokre minoritetar i Noreg og drøfte utfordringar i fleirkulturelle samfunn 
  • forklare kvifor fordommar oppstår og diskutere korleis framandfrykt og rasisme kan motarbeidast

 

Nettstader: