Shop till you drop?

Solberg-regjeringa har foreslått å tillate sundagsopne butikkar. Framlegget møter motstand både frå fagrørsla, biskopar og butikkeigarar.

  1. Kva slags argument blir brukt mot sundagshandelen?
  2. Er det viktig å ha ein kviledag i veka?
  3. Både små supermarknader og bensinstasjonar har allereie ope på sundagar. Kvifor skal ikkje resten av butikknæringa ha dei same moglegheitene?
  4. Sundagsopne butikkar kan sjåast i samanheng med liberalistisk ideologi (sjå s. 106 i Streif). Kva er liberalisme, og korleis kan sundagsope bety både fridom og innskrenking av fridom?

 

 

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • diskutere ein del etiske problemstillingar knytte til arbeidslivet
  • gjere greie for kva plass orgasnisajonane har i arbeidslivet, og drøfte faktorar som avgjer løns- og arbeidsvilkår
  • identifisere grunnleggjande skilnader mellom dei politiske partia i Noreg og argumentere frå ulike politiske ståstader

Nettstader: