Kva rettar har du i arbeidslivet?

Manglande arbeidskontrakt, opplæring utan løn og dårlege arbeidsforhold er berre nokre eksempel på brot på arbeidsmiljøloven som mange ungdommar møter i sommarjobbane deira. Er du klar over kva rettar du har i arbeidslivet?

  1. Har du hatt ein jobb i sommar?
  2. Kva gjekk i tilfelle sommarjobben din ut på?
  3. Kva rettar og plikter har du som arbeidstakar?
  4. Dersom du har hatt ein sommarjobb, i kva grad blei rettane dine teke i vare av arbeidsgivaren din?
  5. Éin av tre ungdommar droppar sommarjobben i år, kjem det fram i ei landsomfattande undersøking.
    • Kva trur du årsaka er til dette? Er norske ungdommar late? Bør alle ungdommar ha ein sommarjobb? Diskuter i klassen!

 

 

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:

  • reflektere over verdien av å ha eit arbeid og kva som kjenneteiknar eit godt arbeidsmiljø   
  • diskutere noen etiske problemstillingar knytte til arbeidslivet
  • gjere greie for organisasjonane sin plass i det norske arbeidslivet og for faktorar som bestemmer lønn og arbeidsvilkår

For aktuelt bakgrunnsstoff, sjå Streif side 147-150.