Foreldre slåss om barn, illustrasjonsfoto

© Monkeybusinessimages | Dreamstime.com

Delt foreldreansvar - for barn eller vaksne?

Eit nytt lovforslag vil ha meir delt foreldreansvar ved samlivsbrot.

Fedreorganisasjonane jublar, mens andre meiner det ikkje tek omsyn til barna. Mellom anna blir auka vekt på delt bustad kritisert.

  1. Kva forhold gjer delt bustad vanskeleg, ifølgje artikkelen?
  2. Kva ser jentene som fordelen med delt bustad?
  3. Diskuter lovforslaga nedanfor. Kva vil de gå inn for, og kvifor (evt. behalde det slik det er i dag)?
  4. Er det viktig at far og mor blir likestilte i familien, og er slike lover rette verkemiddelet? Grunngi svaret.


Delt bustad etter samlivsbrot

I dag er det opp til foreldra kvar barnet skal bu. To forslag er lagt fram:

  • Delt bustad blir tilrådd.
  • Delt bustad blir obligatorisk

(OBS! Delt bustad treng ikkje vere 50/50, men t.d. 70/30)




Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:

  • definere omgrepet kultur og gje døme på korleis kultur, kjønnsroller og familie- og samlivsformer varierer frå stad til stad og endrar seg over tid

Lenkjer