Sp: Noreg ut av Schengen!

På Sps landsmøte blei det gjort to EU-kritiske vedtak, anført av Senterungdommen. Partiet gjekk inn for å avvikle både Schengen-avtalen og EØS-avtalen.

1. Kva er Schengen-avtalen? Les også lenka til Store Norske Leksikon i Dagblad-artikkelen.

2. Kva kan vere det positive med ein slik avtale? Og det negative?

3. Kva ungdomspolitikar har gått i spissen for forslaget om å oppheve avtalen, og kva slags erfaringar byggjer ho på? Synest du desse erfaringane er relevante for standpunktet hennar?

4. Er passkontroll viktig i arbeidet mot kriminalitet? Eller er andre faktorar viktigare, slik det kjem fram i artikkelen om Storberget?

5. Senterpartiet krev også ei folkerøysting om Noregs tilknyting til EØS. Kva slags problem kan desse standpunkta skape for samarbeidet i den raudgrøne regjeringa? 

 

 

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:

  • bruke digitale verktøy til å finne døme på ulike typar konfliktar i verda og presentere ein aktuell internasjonal konflikt og forslag til å løyse konflikten
  • gjere greie for FNs arbeid med fred og menneskerettar og forklare FNs rolle i det internasjonale arbeidet for urfolk
  • gjere greie for EU sine mål og styringsorgan og diskutere Noreg sitt forhold til EU