Arrestasjonen av Ratko Mladic

Massakren i Srebrenica i Bosnia i 1995 blir omtalt som den verste massakren i Europa etter den andre verdskrigen. 26. mai blei Ratko Mladic – ein av hovudpersonane bak massakren – arrestert.

  1. Kven er Ratko Mladic?
  2. Kva skjedde i Srebrenica i 1995?
  3. Korleis har reaksjonane på pågripinga vore?
  4. Kva domstol vil Mladic bli stilt for?
  5. Kva rolle speler denne domstolen?
  6. Kva kan arrestasjonen av Mladic få å seie for forholdet mellom Serbia og EU?

 

 

 

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:

  • bruke digitale verktøy til å finne døme på ulike typar konfliktar i verda og presentere ein aktuell internasjonal konflikt og forslag til å løyse konflikten
  • gjere greie for FNs arbeid med fred og menneskerettar og forklare FNs rolle i det internasjonale arbeidet for urfolk
  • gjere greie for EU sine mål og styringsorgan og diskutere Noreg sitt forhold til EU