Politikk - ikkje for unge?

Vi feirar stemmerettsjubileet, men unge er dårlege til å bruke stemmeretten sin, skriv Aftenposten.

Berre halvparten av unge bruker stemmeretten sin, ifølgje avisa. Dei har særleg fokusert på unge kvinner, der valdeltakinga har gått ned sidan 1997.

  • Kva kan grunnen vere til at unge ikkje bruker stemmeretten sin?
  • – Når jeg tenker på politikk, tenker jeg at det er en gutteting. Det gjør kanskje at vi jenter faller litt ut, seier ei av jentene avisa har intervjua. Stemmer dette med dykkar eiga erfaring?
  • Gjer ei rask meiningsmåling i klassen: Kven ville stemt i morgon dersom det var val? (dersom de hadde stemmerett)
  • Korleis kunne politikken appellere meir til unge? Kva saker er de sjølve opptekne av, og i kva grad kjem dette fram i media og politisk debatt?

 

 

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • gjere greie for korleis ein sjølv kan vere med i og påverke det politiske systemet, og diskutere kva som kan setje demokratiet i fare

Nettstader: