EPA/Sanjay Baid

Noreg og Kina

Dalai Lamas besøk i Noreg i mai har ført til heftig debatt i media. Stortingspresident Olemic Thomessen har sagt at det ikkje er aktuelt å møte den tidlegare nobelprisvinnaren, og viser til at Noreg må liggje lågt i terrenget andsynes Kina.

Les artikkelen fra NTB/Nettavisen.


Finn ut:

  • Kven er Dalai Lama, og kvifor kjem han til Noreg no?
  • Kva er bakgrunnen for at forholdet mellom Kina og Norge er så spent?



Diskuter:

  1. Olemic Thomessen seier det er viktig å ikkje provosere Kina i denne situasjonen. Er det uttrykk for feigheit eller klok haldning? Grunngje svaret.
  2. Norsk næringsliv er blant dei som lir under det dårlege forholdet til Kina. I kva grad skal økonomi styre politikken vår overfor dette landet?
  3. Korleis kan Vesten påverke ei stormakt som Kina i forholdet til Tibet?




Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • bruke digitale verktøy til å finne døme på ulike typar konfliktar i verda og presentere ein aktuell internasjonal konflikt og forslag til å løyse konflikten
  • definere omgrepet makt og gje døme på korleis makt blir brukt i verdssamfunnet

Nettstad: