NTB/Scanpix

Leo og miljøet

- Natur er meir verd i det lange løp enn olje, seier Leo Ajkic i serien «Leo tek valet».

I reportasjen ser han nærmare på oljeboring i nordområda.

Sjå filmen (tips: begynn evt. på 2:13 for å få han litt kortare), eller les intervjua med ungdomspolitikarane nedanfor filmen.

Kvifor er det så mykje farlegare å bore utanfor Lofoten/Vesterålen enn i resten av Nordsjøen?

  1. Kva argument talar for oljeboring i nordområda?
  2. Kva verkemiddel bruker Leo i reportasjen? Trur du han vil auke engasjementet for miljøet og få oss til å stemme? Kvifor/kvifor ikkje?  

Miljøpartiet Dei Grøne meiner vi må redusere levestandarden vår, mellom anna slik:

  • 600 kr i miljøavgift pr. flybillett
  • Vi må handle mindre klede
  • Ein TV bør koste ca. ein månadsløn
  • Forbruksvarer (mobil, klede osv.) må vare lenger
  1. Er desse tiltaka realistiske?
  2. Kva kan du sjølv tenkje deg å spare inn på, og kva kan evt. skulen gjere?
  3. Trur du miljø kan bli ei like viktig politisk sak som t.d. skattelette eller helsepolitikk?

 

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:

  • gjere greie for korleis ein sjølv kan vere med i og påvieke det politiske systemet, ...
  • identifisere grunnleggjade skilnader mellom dei politiske partia i Noreg og argumentere frå ulike politiske ståstader
  • gjere greie for sentrale kjenneteikn ved norsk økonomisk politikk ... gjere greie for årsaker til at levestandarden i Noreg har auka og om auken har ført til betre livskvalitet

Nettstader: