Konfliktar i Vest-Afrika

Bakgrunn for gisseldramaet i Algerie er konfliktar både i Mali, Algerie og Libya. Mange av desse områdea er prega av fattigdom, langvarige krigar og ustabile regime.

  1. Kva slags gruppe stod bak gisselaksjonen? Kvifor valde dei å gå til angrep på eit avsidesliggjande gassanlegg?

  2. «Med tanke på lidingane til det algeriske folket lovar vi å utføre fleire aksjonar,» sa ein talsmann for gruppa. Finn ut meir om Algeries nære historie - kva meinte han med «lidingane til det algeriske folket»?

  3. Det blei også sagt at aksjonen var hemn for Frankrikes militære engasjement i Mali. Kva er bakgrunnen for at Frankrike har send styrkar til Mali?

  4. Klassekampen skriv at Vesten sjølv er litt skuld i aksjonen, sidan vi bomba Libya. Kva meiner dei med det? Kan dei ha noko rett i påstanden?

  5. Les om Afrika i Streif s. 183–187 og om «Årsaker til terrorisme» på s. 220-222. Kva kan vere årsaka til at militante islamistar får stadig større fotfeste i Nord- og Vest-Afrika?

 

 

 

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • bruke digitale verktøy til å finne døme på ulike typar konfliktar i verda og presentere ein aktuell internasjonal konflikt og forslag til å løyse konflikten
  • gjere greie for FNs arbeid med fred og menneskerettar og forklare FNs rolle i det internasjonale arbeidet for urfolk
  • definere omgrepet makt og gje døme på korleis makt blir brukt i verdssamfunnet

Nettstader:

Lærarrettleiing:

Konfliktar i Vest-Afrika