Scanpix / AP Photo / Oded Bality

Konfliktar i verda i dag

I nyheitene høyrer vi dagleg om små og store internasjonale konfliktar. Nokre av dei blir handterte utan bruk av vald, mens andre er væpna konfliktar. Årsakene er ofte svært samansette og varierer frå konflikt til konflikt. Kva internasjonale konfliktar pregar nyheitsbiletet i dag?

Gå saman i grupper og undersøk kva konfliktar som har vore omtalt i nettavisene i den siste tida. Deretter vel kvar gruppe ein dagsaktuell konflikt som dei skal sjå nærmare på.
Arbeidet kan ta utgangspunkt i dei fire spørsmåla under, og resultatet skal vere ein presentasjon for klassen der de bruker kart og digitale verktøy.

  1. Gjer greie for konfliktsituasjonen: Kva partar er involverte, og kva er målet og motiva deira?
  2. Gjer greie for bakgrunnen for konflikten: Kva er årsakene til konflikten?
  3. Gjer greie for opptakten og sentrale hendingar i utviklinga av konflikten: Kva førte til ei tilspissing av konflikten? Kva har eventuelt ført partane nærmare ei løysing?
  4. Korleis kan verdssamfunnet bidra til å løyse denne konflikten?

 

 

 

 Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • bruke digitale verktøy til å finne døme på ulike typar konfliktar i verda og presentere ein aktuell internasjonal konflikt og forslag til å løyse konflikten

Nettstader:

  • ressursfeltet finn du ei oversikt over norske nettaviser som de kan bruke i arbeidet med oppgåva.