Idrett og politikk

OL i Sotsji har sett søkjelyset på menneskerettar i Russland, og leikane har fått kritikk for å vere eit prestisjeprosjekt for eit udemokratisk regime.


Blant anna tok Erna Solberg opp menneskerettssituasjonen i eit møte med statsminister Medvedev. Andre har teke til orde for forskjellige måtar å boikotte leikabe på.

  1. Kva slags menneskrettsbrot har Russland vore i søkjelyset for?
  2. Mevedev reagerte med tydeleg misnøye under samtalen med Solberg. Kan vesle Noreg gjere noko andsynes Russland i ein slik situasjon?
  3. Somme har samanlikna Sotsji-OL med sommarleikane i 1936 under Hitler. Kan det ha noko for seg? Grunngje svaret.
  4. Historikar og forfattar Hans Olav Lahlum tek opp både IOCs og FIFAs haldningar i kronikken sin. Er det mogleg å krevje politisk ansvar av idretten på denne måten? Kivfor/kvifor ikke?



 

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:

    • diskutere samanhengar mellom styreofrm, rettsstat og menneskerettar
    • gi eksempel på internasjonalt samarbeid og beskrive Noreg som internasjonal aktør

    Nettstader: