Barnlause får prøverørsbehandling.

© Bialasiewicz | Dreamstime.com

Annleis med kunstig mor enn far?

Eggdonasjon har til no vore ulovleg i Noreg, mens kunstig befruktning med sæd er akseptert. Eit forslag om endring i reglane har skapt debatt om rettigheiter, kjønnsroller og oppfatninga av familien.

Les artikkelen «Ingen bør rangere barns tilblivelsesprosess».

  1. Er skildringa av familiesituasjonen med dei to prøverørsbarna provoserande? Kvifor/kvifor ikkje?
  2. Kva er viktig for ein god oppvekst? Betyr biologiske band noko spesielt? Grunngi svaret.
  3. Bør det vere noka grense for kva vi ser på som familie? Kva med t.d. einslige som ønskjer seg barn, eller surrogati?


Bruk faglege omgrep i debatten: kjønnsroller og forventningar, kjernefamilien, oppløysing av den tradisjonelle familien


Assistert befruktning i Noreg

Berre gifte eller sambuande har rett til assistert befruktning.


Sæddonasjon (prøverørsbefruktning): Egg blir teke ut at kvinna og befrukta med sæd (frå anten partneren eller ein annan), før det befrukta egget blir sett inn igjen.


Eggdonasjon: Egg fra ei anna kvinne blir befrukta, før det blir sett inn i ho som skal bere fram barnet.


Forslag om avgrensa tilgang:

  • Sæden må komme frå partneren til den som skal føde barnet
  • Prosessen blir kontrollert av prøverørsklinikkane; ein kan ikkje få egget frå «kven som helst». 



Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:

  • gjere greie for endringar i familie- og samlivsformer
  • forklare kvifor kjønnsroller varierer mellom samfunn og kulturar, og diskutere kvifor kjønnsrollene endrar seg over tid

Lenkje: