Lybia

Befolkninga i Libya feirar at landet er erklært som frigjort etter drapet på diktatoren Muammar Gadafi. Tripoli, 23. oktober 2011.

Marco Longar/AFP photo/Scanpix

Kva skjer i den arabiske verda no?

I starten av 2011 fokuserte vi på opprøret i den arabiske verda i Streif aktuelt. Befolkninga i Egypt og Tunisia var først ute med å demonstrere mot makthavarane, men etter kvart spreidde opprøret seg også til andre arabiske land. Kva har skjedd sidan sist i den arabiske verda?

Arbeid i grupper og ta for dykk eitt av landa som har vore med i opprøret i den arabiske verda. Kva er bakgrunnen for opprøret, og korleis er situasjonen i landet no? Presenter resultatet for klassen.

 

 

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne

  • gjere greie for korleis ein sjølv kan vere med i og påverke det politiske systemet og diskutere kva som kan truge demokratiet
  • bruke digitale verktøy til å finne døme på ulike typar konfliktar i verda og presentere ein aktuell internasjonal konflikt og forslag til å løyse konflikten

Nettstader:

I arbeidet med presentasjonen kan de også søkje etter andre relevante artiklar i nettavisene. Sjå oversikta over norske nettaviser i ressursfeltet.