Hyklar vi?

Alle forsvarer ytringsfridomen, men somme er òg skeptiske. Blant dei er den britiske historikaren og forfattaren Tariq Ali, som ikkje vil "vere Charlie".

I eit intervju med Klassekampen prøver Ali å setje Charlie Hebdo-åtaket inn i ein breiare samanheng. Er slik terrorisme eigentleg ein konsekvens av vår eigen krigføring i den muslimske verda?

  1. Kvifor vil ikkje Tariq "vere Charlie Hebdo"?
  2. Kva meiner han med at Vesten hyklar når vi ser på oss sjølve som forkjemparar for ytringsfridom og menneskerettar?
  3. Ali er skeptisk til ei hylling av satireteikningane. Er det rett å svare på åtaket med meir satire, eller er dette ein provokasjon som berre vil auke konflikten? 
  4. Ali meiner at løysinga er å stoppe den vestlege krigføringa og endre politikken overfor den muslimske verda. Kva meiner du om desse argumenta?





Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:

  • forklare kvifor fordommar oppstår og diskutere korleis framandfrykt og rasisme kan motarbeidast
  • gjere greie for kva som kjenneteiknar internasjonal terrorisme og reflektere over årsaker til terrorisme
  • utforske aktuelle lokale, nasjonale eller globale problem og drøfte ulike løysingsforslag

Lenkje

Eit kortare alternativ kan vere å lese fram til "Slår hardest mot islam" og deretter sluttpunktet "Farlig terrorkrig".