© charnsitr | shutterstock

Legalisering betre enn forbod?

Hasjbruken i Oslo aukar, men Unge Venstre meiner løysinga er å legalisere rusmiddelet.

Forskarane melder om at hasjbruken er på veg opp i Oslo. Treng vi då strengare handheving av forbod, eller snarare tvert om? Unge Venstre meiner tida er inne for å legalisere og regulere salet.

Les artikkelen og diskuter:

  1. Sjå på den øvste figuren i artikkelen. Forklar han med dine eigne ord. Kva er det som gjer forskarane bekymra?
  2. Sjå òg på figur nr. to. I kva grad stemmer han med deira eigne erfaringar? Er hasj i ferd med å bli "normalt" blant ungdom? 
  3. Unge Venstre meiner det er forbodspolitikken som skaper auka forbruk og rusproblem. Korleis heng det saman?
  4. Finn fordelar og ulemper ved å legalisere hasj. Lag eit skjema med "fordelar" i den eine kolonnen, og "ulemper" i den andre.

Skriveoppgåve:

  1. Skriv eit svar til Unge Venstre der du tek avstand frå argumenta deira, eller
  2. Skriv eit innlegg der du støttar Unge Venstres syn.


Bygg opp teksten slik:

Innleiing - kva saka gjeld

1. argument

2. argument

3. argument

Avslutning - konklusjon



Mål for opplæringa er at elevane skal kunne:

  • analysere omfanget av ulike former for kriminalitet og overgrep og drøfte korleis slike handlingar kan førebyggjast, og korleis rettsstaten fungerer
  • utforske aktuelle lokale, nasjonale eller globale problem og drøfte ulike løysingsforslag munnleg og skriftleg med presis bruk av fagomgrep



Lenkjer