© Martinmark | Dreamstime.com

Abort - legens eller kvinnas rett?

Kristeleg folkeparti har føreslått å lovfeste fastleganes rett til å reservere seg mot aborttilvising. Forslaget har reist ein brei mediedebatt, og ser ut til å møte sterk politisk motstand.

Tidlegare har berre sjukehuspersonell hatt høve til å reservere seg av samvitsgrunner. No er det føreslege at også fastlegar skal ha denne retten.

Cecilie Asker i Aftenposten «gav saka eit ansikt» då ho i ein kommentar fortalde om sin eigen abort.

  • Er det riktig og modig å stå fram med ei slik erfaring?
  • Kva omsyn står mot kvarandre i denne saka?
  • «Fritak fra samfunnsoppgaver på bakgrunn av samvittighetsgrunner er en av flere grunnleggende rettigheter i et moderne demokrati,» skriv Asker. Skal det gjelde i dette spørsmålet? Kvifor/kvifor ikkje?
  • Ifølgje regjeringa blei reservasjon òg praktisert før, men det skjedde på eit tilfeldig grunnlag. Dei meiner dagens debatt er ei avsporing og at framlegget tvert imot vil styrkje rettane til kvinna, i og med at det blir ope kven som reserverer seg. Diskuter dette synspunktet.


 

Mål for opplæringa er at eleven skal kunne:

    • identifisere grunnleggjande skilnader mellom dei politiske partia i Noreg og argumentere frå ulike politiske ståstader
    • utforske aktuelle lokale, nasjonale eller globale problem og drøfte ulike løysingsforslag

    Nettstad: