Oppdateringar:
KAPITTEL 4: KRIMINALITET
Kriminalstatistikk
På nettstaden til Statistisk sentralbyrå finn du oppdaterte kriminalstatistikkar.
KAPITTEL 8: DET POLITISKE SYSTEMET I NOREG
Statsrådar og departementsstruktur
På nettstaden regjeringa.no finn du oppdaterte oversikter over statsrådane i regjeringa og departementsstrukturen.
Grunnlovsendringar
20. februar 2007 vedtok Stortinget nye grunnlovsendringar: Ei ny riksrettsordning er vedteken, og Stortingets to avdelingar Odelstinget og Lagtinget blir oppheva. Det inneber ein ny prosedyre for behandling av lovsaker. No skal dei behandlast i plenum i to omgangar i Stortinget. Parlamentarismen, som tidlegare har eksistert som praksis, er no grunnlovsfesta.
Parlamentarismen i Grunnlova
Eit einstemmig Storting vedtok at parlamentarismen, som har vore konstitusjonell praksis sidan 1884, skal nedfellast i ny paragraf 15 i Grunnlova: «Einkvar som har sete i statsrådet er pliktig til å innlevere avskjedssøknad etter at Stortinget har teke avgjerd om mistillit til vedkommande statsråd aleine, eller til ei samla regjering».
Endringar i Riksretten
Lagtingets medlemmer vil ikkje lenger møte i retten som dommarar, og Odelstinget skal ikkje kunne reise ei sak for Riksrett. I den nye Riksretten vil det sitje fem dommarar frå Høgsterett og eit utval på seks lekdommarar valte av Stortinget. Ingen av dei valte medlemmene kan vere stortingsrepresentantar. Høgsterettsjustitiarius skal vere rettens president.
Odelsting og Lagting
1. oktober 2009 blei Odelstinget og Lagtinget avskaffa. Det fekk konsekvensar for lovbehandlinga i Stortinget. Tidligare blei lovsaker først behandla i Odelstinget og så i Lagtinget. I dag blir lovsaker behandla i eit samla Storting. For å hindre formelle feil ved vedtaket blir lovforslag behandla to gonger i samla Storting med minst tre dagar mellom kvar gong.
Les artikkelen "Farvel til Lagtinget" frå Dagbladet for meir informasjon om saka.
KAPITTEL 14: SAMARBEID OVER GRENSER
Side 212-215: Ny delelinje mellom Noreg og Russland
I 40 år har det vore usemje mellom Noreg og Russland om kvar grensa mellom dei to landa går i Barentshavet. I 2010 blei nabolanda samde om ein historisk avtale der delelinja i Barentshavet er avklart.
Sjå artikkelen "Et enormt matfat" frå Aftenposten for kart med den nye delelinja i Barentshavet.