Valordning
Noreg er delt opp i valkrinsar . Ved stortingsval er det 19 valkrinsar, ein for kvart fylke. Vi vel 169 representantar til Stortinget. Kvart fylke har eit visst tal plassar på Stortinget. Kor mange representantar kvart fylke har, blir mellom anna avgjort av talet på innbyggjarar i fylket og av avstanden til Oslo. Årsaka til dette er at ein meiner det er viktig å sikre folk i distrikta, slik at ikkje sentrale strøk av landet med fleire innbyggjarar får for mykje makt. Det trengst rett og slett ikkje så mange stemmer for å få ein representant inn frå Troms som frå Oslo. Kvar stortingsrepresentant frå Oslo har altså fleire stemmer bak seg enn ein representant frå Troms. Hørest det rettferdig ut? Tanken er at folk frå Oslo og områda rundt har kortare veg til Stortinget enn folk frå Troms har. Di lenger vekk frå Stortinget, di færre stemmer bak kvar representant.
#IIIT-2 Talet på stemmer bak kvar representant i utvalde fylke
Kva parti som blir representerte på Stortinget, blir avgjort ved det talet på stemmer dei har fått ved valet. Dette kallar vi forholdstalsval. Enkelt forklart vil det seie at di større eit parti er, di fleire representantar skal det få på Stortinget. Utrekningssystemet for kor mange representantar kvart parti får i forhold til talet på stemmer, er komplisert. Dette utrekningssystemet favoriserer dei største partia. Det er viktig for å sikre eit stabilt styre av landet. Dersom det er mange små parti med få representantar på Stortinget, vil det vere vanskeleg å skape ei regjering som har støtte frå eit fleirtal.
Av dei 169 stortingsrepresentantane vel ein 150 av desse direkte frå fylka. I tillegg er det 19 utjamningsmandat. Desse utjamningsmandata skal gjere det lettare for små parti å få representantar inn på Stortinget. Når ein reknar ut kva parti som skal få utjamningsmandat, ser ein på landet samla, og ikkje på kvart einskilt fylke. For å få eit utjamningsmandat må partiet ha fått meir enn 4 % av stemmene på landsbasis. Vi har altså ei sperregrense på 4 % i Noreg. Det vil seie at ein ikkje får utjamningsmandat dersom partiet har under 4 % oppslutning på landsbasis. Men sjølv om eit parti ikkje når opp til sperregrensa på landsbasis, kan det få representantar inn på Stortinget. Partiet kan ha fått stor oppslutning i eitt fylke, og dermed komme inn blant dei 150 representantane som blir valde frå fylka, sjølv om partiet ikkje har fått stemmer i dei andre fylka.
Ved fylkestingsval er valkrinsen fylket, og ved kommuneval er valkrinsen kommunen. Kor mange representantar som skal veljast til fylkestinget og til kommunestyret, varierer frå fylke til fylke og frå kommune til kommune. Det er talet på innbyggjarar i fylket og i kommunen som avgjer dette. Valsystemet i fylka og i kommunane er også forholdstalsval. Partia får altså representantar i fylkestinget og i kommunestyret etter kor mange stemmer dei får ved vala.
Det er val til Sametinget kvart fjerde år, samtidig med stortingsvalet. Ved sametingsval er landet delt inn i 13 valkrinsar. Det blir valt 43 mandat til Sametinget. Det er tre representantar frå kvar av krinsane, og så er det fire utjamningsmandat. Partia får også her representantar etter kor mange stemmer dei har fått ved valet, det er altså eit forholdstalsval. Sametinget vel ein sametingspresident som leier møta i Sametinget
Desse oppgåvene kan eigne seg for elevane:
- Kvifor har vi utjamningsmandat ved Stortingsvalget? Forklar kvifor vi har ei sperregrense på 4 % for parti for å få utjamningsmandat på Stortinget. Er det riktig å ha ei slik sperregrense?
- Forklar kva figuren Talet på stemmer bak kvar representant på Stortinget viser, og kva som er årsakene til dette.